Bli med på Litterært pusterom!

Bli med på Litterært pusterom!

Torsdag 15. september kl. 19.00 inviterer biblioteket i Stordal til Litterært pusterom. Arrangementet skal vere på biblioteket. Leseleiar er Bjørg Moltu.

Under lesestunda les leseleiar ei novelle og eit dikt høgt, og etterpå samtalar vi om teksta.
Fokuset i samtala er ikkje litterær analyse, men på opplevinga av teksta. Vi undrar oss saman.

Som deltakar kan ein velje om å ein vil delta i samtale om teksta, eller berre lytte.
Det kjekke er at ein som deltakar ikkje treng å førebu seg, og ein bind seg ikkje til å delta i lesestunder seinare. Det er som ein kravlaus lesesirkel.
Det er noko magisk i det å bli lest høgt for, og det er noko vi sjeldan oppleve som vaksne.

Prosjektet «Litterære pusterom – Shared Reading for større livskvalitet» er eit treårig prosjekt som vert drive av Trøndelag fylkesbibliotek i samarbeid med Møre og Romsdal fylkesbibliotek.
Prosjektet er finansiert av Sparebankstiftelsen SMN.

Det vert servert kaffe og noko lite å bite i.

Velkommen til Litterært pusterom!