Filmoteket

Filmoteket

Filmoteket - gratis strømmeteneste for deg med lånekort på biblioteket

Logg inn på Filmoteket

Nå kan du låne og sjå film på biblioteka si eiga filmstrømmeteneste, Filmoteket. Her kan du velge blant norske og internasjonale titlar for barn, ungdom og vaksne, både eldre og nyare filmer. Her finn du alt frå klassikarar, Oscar-vinnarar og ”blockbustere”, til smalare kvalitetsfilmar og prisbelønte dokumentarar.

  • Du treng eit nasjonalt lånekort frå biblioteket, og ei e-postadresse for å registrere deg som brukar. Har du ikkje lånekort? Les her om hvordan du registrerer deg som lånar.
  • Når du låner ein film er den tilgjengeleg for deg i 48 timar.
  • Du kan sjå filmane når som helst og kvar som helst - på PC, Mac, nettbrett og smarttelefonar med Windows, iOS og Android og i alle kjente nettlesarar. Filmen kan også enkelt overførast til større skjerm, via tenester som AirPlay og Chromecast.
  • Du kan sjå inntil fem filmar pr. månad på Filmoteket.
  • Finn fram lånekortet og sjå film i dag!