Det fleirspråklege bibliotek

Det fleirspråklege bibliotek

- finn bøker på ditt eige språk.

Det flerspråklige bibliotek i Oslo har samlingar på ca. 70 språk.

Sjå kva som finst på dei ulike språka her, eller du kan søke etter bøker, forfattarar eller tema.

Ta kontakt med oss her på Fjord bibliotek viss du finn noko du ønsker å bestille. Du låner og leverer tilbake her, og tilbodet er gratis.

Bokdepot

Vi bestiller ofte pakkar med bøker på forskjellige framandspråk, dette kallar vi depot. For eksempel kan vi bestille eit depot med 30 bøker for vaksne på polsk. Då vil desse bøkene vere til utlån her i tre månader før vi sender dei tilbake.

Ta kontakt med oss viss du ønsker at vi skal bestille eit depot med bøker på eit bestemt språk. Vi vil gjerne vite litt om kven som skal lese bøkene slik at vi får bøker som passar (barn, ungdom eller vaksne, kvinner eller menn, bestemte tema eller sjangrar?). Lærarar som underviser framandspråklege barn eller vaksne kan gjerne bestille depot til sine elevar.