Kriseteam

Kriseteam

Kommunen har eit kriseteam som kan gje psykososial omsorg og støtte i ein krisesituasjon. Dette er ei tverrfagleg gruppe med kompetanse frå mange fagområde.

Gruppa består av 11 fagpersonar, og er eit supplement til det etablerte behandlingsapparatet. Henvendelsar til kriseteamet kan skje gjennom kriseleiinga, politiet, legevakt eller AMK.  To eller fleire reiser ut saman - alt etter situasjonen. Alle i gruppa har teieplikt.

Kven kan få tilbodet?

Gruppa vert normalt varsla og aktivert når det skjer større hendingar med behov for psykososial oppfølging. Hjelpa vert i første omgang konsentrert rundt næraste familie og omgangskrets.
Gruppa skal ikkje erstatte, men bistå det normale hjelpeapparatet når dette ikkje strekk til , og er inne å bidrar i ei akuttfase.

Korleis få tilbodet?

Har du behov for oppfølging etter ei hending skal du i utgangspunktet nytte det vanlege hjelpeapparatet som t.d. fastlegen din. Legekontoret vil evt. henvise eller ta kontakt med gruppa om der ikkje er kapasitet til oppfølging.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva skjer vidare?

Når gruppa vert kalla ut eller får varsla behov tek dei kontakt så snart dei kan. Gruppa samarbeider tett med andre instansar i akuttfasen.

Aud Lindis Ødegaard
Seniorrådgjevar
E-post
Telefon 418 67 805