Bu og habilitering

Bu og habilitering

Kva tilbyr vi?

Praktisk hjelp, personleg hjelp og målretta miljøarbeid i heimen.

Kven kan få tilbodet?

Personar med psykisk og fysisk funksjonsnedsetting.

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her. 

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med open omsorg. Servicekontoret kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Personleg hjelp er gratis. Sjå satsane under for pris på praktisk hjelp i heimen

Prisane på tenesten er regulert i forhold til inntekt.

Heimehjelp - praktisk hjelp i heimen

Inntekt

Pris

Inntil 2G 210,00
2-3G 863,00
3-4G 1 382,00
4-5G 1 937,00
Over 5G 2 486,00
G=grunnbeløp i folketrygden  

 

Husleige

Omsorgsbustader
Adresse Type leilegheit Husleige per mnd.
Valldal omsorgsbustad Liten 3.350 kr
Valldal omsorgsbustad Stor 3.975 kr
Sagatun, Valldal Liten 5.525 kr
Sagatun, Valldal Stor 6.750 kr
Moa, Valldal 5.200 kr
Elvetun, Valldal 5.050 kr
Eidsdal omsorgsbustad Liten 4.400 kr
Eidsdal omsorgsbustad Stor 5.325 kr
Eidsdal omsorgsbustad Frittståande bygg 5.200 kr
Stordal omsorgsbustader 6.600 kr
Stordal habiliteringsbustader 7.725 kr

 

Du kan søke bustønad.

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til følge gjennom eit nytt vedtak.

Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukarrettighetsloven 

Anna Birgitte Myklebust
Leiar habilitering
E-post
Telefon 418 67 990