Langtidsopphald

Langtidsopphald

Sjukeheimen skal vere ein varig heim for sjuke og eldre med svekka helse, redusert  førlegheit  og eit omfattande hjelpebehov.

Kriteriar for tildeling

  • Søkjar sitt totale omsorgsbehov er slik at søkjar, heimetenesta og/eller nettverket rundt søkjar ikkje lenger er i stand til å ta hand om vedkomande på en forsvarleg måte i heimen
  • Søkjar har behov for pleie  og omsorg ved livets slutt
  • I utgangspunktet skal andre tiltak vere prøvd før ein tildelar langtidsopphald.

Kva kan du forvente av oss

  • Kommunen innhentar dei opplysningane som er naudsynt. Det vert fatta eit vedtak og vedtaket er grunngjeve.
  • Vi gir tenester slik det kjem fram i vedtaket med det innhald som er beskreve.
  • Vi planlegg og iverksett tenester i samarbeid med brukar og pårørande
  • Dersom brukaren, jfr. legeerklæring ikkje er i stand til å ivareta sin eigen økonomi, overtek institusjonen ansvaret for forvaltninga av bebuaren sin  lommepengedel av folketrygda. Etter fullmakt kan institusjonen i nokre tilfelle delegere dette til pårørende/hjelpeverge

Sakshandsaming

Søkjar må skrive under søknaden sjølv - søknadsskjema

Vedtak om langtidsopphald skal vere skrive og utlevert seinast ei veke etter innskrivingsdagen. I tillegg til vedtak om tildeling fattast vedtak om betaling for langtidsopphald.

Betaling  for  tenesta

Vederlag for opphaldet krevjast jf. « Forskrift for vederlag for opphald i institusjon» jf. «Lov om kommunale helse – og omsorgstjenester» § 11-2.

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse – og omsorgstjenester § 3-2 punkt 6, bokstav c.

Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta

Forskrift om vederlag for opphold i institusjon

Pasient- og brukerrettighetsloven

Vaktrom Valldal sjukeheim
Telefon 418 67 977
Vaktrom Stordalstunet sjukeavdeling
Telefon 418 67 965