Korttidsopphald

Korttidsopphald

Korttidsopphald er eit tidsavgrensa/ikkje varig  opphald i  sjukeheim der personalet skal bidra til kartlegging, vurdering og oppfølging av søkjar si omsorgsevne

Målsetting

  • Tenesta skal bidra til å førebyggje, behandle og legge til rette for meistring av sjukdom, skade eller lyte.
  • Tenesta sitt utgangspunkt skal vere den einskilde sine ressursar og bidra til at søkjar opprettheld eller får tilbake størst mogleg grad av eigen mestring.

Kriterier for tildeling

  • Akutt endra helsetilstand. 
  • Gjenvinning eller vedlikehald av funksjonar. 
  • Kartlegging og vurdering av vidare behov for omsorgstenester, tilrettelegging av husvære eller langtidsplass. 
  • Utskriving frå sjukehus. Behov for ytterlegare medisinsk oppfølging og trening før heimreise.
  • Lindrande behandling, også i sluttfasa av livet.
  • Har behov for observasjon og oppfølging i samband med medisinering
  • Kartlegging av brukarar som krev døgnkontinuerlige  observasjonar i ein begrensa periode
  • Kartlegging av tiltak som vil krevjast i heimen. Hjelpemiddel, heimesjukepleie etc
  • Pasienten som krev tett sjukepleiefagleg oppfylgjing for ein periode.

Korleis få tilbodet?

Bruk søknadskjema som du finn her.
I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du trenger. Inntaksutvalet vurderer søknaden din og finn det tilbodet som passer best for deg.

Betaling  for  tenesta

Korttidsplass
Korttidsplass
Teneste Pris
Heildøgnsplass per døgn 170
Dag-/nattopphald per døgn 90

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse – og omsorgstjenester § 3-2 punkt 6, bokstav c.

 

Vaktrom Valldal sjukeheim
Telefon 418 67 977
Vaktrom Stordalstunet sjukeavdeling
Telefon 418 67 965