Omsorgsbustad

Omsorgsbustad

Omsorgsbustad er ein fellesbetegnelse på bustader som er tilrettelagt for helse- og omsorgstenester utanfor institusjon. Bustadane er fysisk lag til rette, slik at den som bur der skal  kunne motta heildøgns helse- og omsorgstenester.

 

Det er brukar sin eigen heim. Ein tek i mot kommunale pleie- og omsorgstenester etter behov og gjeldande vedtak. Dette er ikkje særskild regulert i lovverk, men regulert etter husleigelova.

Korleis få tilbodet?

Bruk skjema for omsorgsbustad.

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema, eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på , kan du ta kontakt med open omsorg.

Kriteriar for tildeling

  • Søkjar har eit behov for tilrettelagd bustad og  har ein funksjonsvikt der tildeling av omsorgsbustad kan verke førebyggande
  • Søkjar har ein helsesvikt og/eller er fysisk funksjonsnedsetting der noverande bustad er lite funksjonell. Andre tenester som heimesjukepleie, heimehjelp og tryggleiksalarm bør vere prøvd ut .
  • Bustad til søkjar kan påføre ny – eller vidareutvikle ein allereie eksisterande helsesvikt.
  • Bustaden gir lite rom for/avgrensa moglegheit for utnytting av eigenomsorgsressursar.
  • Bustaden gir avgrensa moglegheit for mobilisering av brukaren.
  • Bustaden er lite eigna  for tilrettelegging av tekniske hjelpemidlar/innretningar.
  • Bustadsituasjonen aukar omsorgsbehovet og dermed overforbruk av personalressursar.
  • Bustadsituasjonen gjev vanskelege arbeidsforhold for helsepersonell.
  • Søkjar har behov for tilrettelagt bustad i forhold til funksjonsnesetting, slik at søkjar kan oppretthalde evna til sjølvhjelp og dermed ha mindre behov for hjelp.
  • Betaling etter gjeldande satsar, ein betalar ein månad etter oppseiing
  • Ein treng ikkje halde seg med sengetøy og handdukar, dette leiger ein gjennom bustaden. ( Gjeld ikkje Elvetun )

Kommunen er pålagt å medverke til bustadar med særleg tilpassing og hjelpe/vernetiltak, i samsvar med lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-7. Tildeling føreset ledig bustad eller ledig frå eit gitt tidspunkt som kjem fram i vedtaket.

Bustøtte

Heimesjukepleien i Stordal
Telefon 418 67 965
Heimesjukepleien i Valldal
Telefon 418 67 982
Eidsdal omsorgsbustad
Telefon 418 67 983