Dagsenter

Dagtilbod for demente

Om tenesta

Tilbodet er for heimebuande personar med ein demensdiagnose eller som er under utredning for dette. Ein legg vekt på at den demente skal vere i ein tidleg eller moderat fase av sjukdomen, samt vere fysisk mobil. Ein legg vekt på meistring og ein meiningsfull kvardag. Tilbodet kan vere ei avlasting for pårøande og vere med på å oppretthalde funksjonar til brukaren. Tilbodet er per i dag ope ein dag per veke. Tilbodet ligg under heimetenestene.

Målsetting

  • Tenesta skal vere førebyggjande
  • Tenesta skal bidra til å bevare å fremje ibuande ressursar hjå søkjar, samt legge til rette for oppleving av meistring av dagleglivets gjeremål gjennom aktivitetar
  • Tenesta skal bidra til å skape tryggleik og forutsigbarheit for søkjar og pårørande, samt bidra til avlastning for pårørande

Kven kan få tilbodet?

  • Søkjar er under utredning for demens
  • Har nedsett hukommelse
  • Har ei demensdiagnose

Praktisk informasjon

  • Opningstider: Torsdagar mellom kl. 10-15
  • Skyss: Brukar/pårørande kan velje om dei vil ordne skyss sjølve til dagtilbodet, eller bli bringa og henta av personalet.
  • Ein får måltid inkludert, lunsj/ middag er inkludert i eigenandelen

Betaling for tenesta

Søknadsskjema