Middagslevering

Middagslevering

Kva tilbyr vi?

Bur du heime og har problem med å få laga middag til deg sjølv, kan du få maten tilkøyrd. Tilbodet kan vere varm eller frosen middag som blir levert heim til deg éin eller fleire dagar i veka. 

Middag vert levert ut fortrinnsvis måndag - fredag. I enkelttilfelle kan ein innvilge middagsombringing også laurdag og søndag. Det vil alltid vere ei individuell vurdering.

Menyen varierer frå veke til veke, og er den same menyen som på sjukeheimen den aktuelle dagen.

Det vert berre levert heile prosjonar.

 

Kven kan få tilbodet?

Denne tenesta er behovsprøvd. Dei som ønskjer middag levert i heimen må søke om dette gjennom heimetenesta. Formålet med tenesta er å gi eldre og funksjonshemma høve til å bli buande i sin eigen heim.

Korleis få tilbodet?

Bruk søknadsskjema som du finn her.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.

Prisar

Mattilbod
Mattilbod
Type Pris
Middag m/dessert - utkøyrt Kr 90
Fullkost/heildøgnskost/døgn Kr 135

 

Marit Øvrevoll
Leiar institusjon - heimeteneste Valldal
E-post
Telefon 418 67 970
Grete Kvammen Tøsse
Leiar institusjon - heimeteneste Stordal
E-post
Telefon 418 67 960