Heimesjukepleie

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit heildøgns tilbod til alle aldersgrupper som har eit særskilt behov for helse- og omsorgstenester i heimen.

Kven kan få tilbodet?

Alle som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for sjukepleie i heimen. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut skjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, ta kontakt med heimetenesta.

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak om heimesjukepleie kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Lover og reglar

Lov om komunale helse- og omsorgstenester § 3-2, punkt 6.a

Pasient- og brukerrettighetsloven

Heimesjukepleien i Valldal
Telefon 418 67 982
Heimesjukepleien i Stordal
Telefon 418 67 965
Eidsdal omsorgsbustad
Telefon 418 67 983