Heimehjelp

Heimehjelp

Kva tilbyr vi?

Praktisk hjelp i heimen slik den enkelte kan bu heime lengst mogleg.

Kven kan få tilbodet?

Du må ha eit særlig behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting eller alder. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.

Korleis få tilbodet

Søknadsskjema finn du her. Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på , kan du ta kontakt med tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret ved Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Det vert kravd eigenandel for praktisk hjelp i heimen. Betalingssatsane er gradert etter inntekt og vert fastsett av kommunestyret.

Gjeldande satsar for heimehjelp - lag link

Kriterier for tildeling

Tenesta kan vere aktuell dersom søkjar:

  • Ikkje er i stand til å ivareta eigenomsorg
  • Heilt eller delvis er avhengig av praktisk eller personleg hjelp og støtte til å greie dagliglivets gjeremål
  • Ikkje heilt eller delvis greier å ta del i oppgåvene
  • Ikkje har ektefelle eller sambuar eller andre som kan i vareta oppgåvene

Ved utmåling av tenesta vil det bli tatt omsyn til om det oppheld seg/ bur andre familiemedlemmer ilag med søkjar.

Kva skjer vidare?

Søknader vert behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du motta svar frå kommunen med  endeleg vedtak eller orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak om praktisk hjelp i heimen kan påklagas etter Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på sakshandsaming, omfang av tenesta eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, vert klaga teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

 

Else Midtbust
Leiar tildelingskontor
E-post
Telefon 418 67 955