Legevakt

Legevakt

 

Fjord kommune har gått inn i avtalar med andre kommunar om felles legevakt.

På kveldstid kl. 15.30 - 22.00, er det felles legevaktkontor på Sjøholt.
Laurdagar, søndagar og heilagdagar er det legevakt her kl. 08.00 - 22.00.

Kontorstaden er i underetasjen av Ørskog sjukeheim.

På natt kl. 22.00 - 08.00 er det stort legevaktdistrikt med legevaktkontor på Åse i Ålesund.

Besøksadressa er Åsesvingen 16.

På vekedagar kl. 08.00 - 15.30 har legekontora i Stordal og Valldal legevakt på dagtid.

Bruk legevakta rett

Ring legevakta ved akutte og alvorlege sjukdommar og skader utanom kontortid.
Ring legevakta når du meiner sjukdom/skade ikkje kan vente til behandling hos fastlege neste dag.
Ring legevakta om du er i tvil.

Eksempel på tilstandar som kan vente til neste kvardag:

Feber hos barn der allmenntilstand er god (ring legevakta om du er i tvil)
Hoste, vondt i halsen, forkjøling som ikkje følgjer med høg feber.
Uforandra sjukdomstilstand med god allmenntilstand som har vedvart i fleire dagar.

Eksempel på tilstandar som IKKJE skal på legevakta:

Sjukmeldingar der behandling ikkje er påkrevd.
Fornying av reseptar( unntatt livsviktige medisinar).
Kontroll av kroniske sjukdommar.
Lege- og helseattestar.

Ambulansetenesta:

Det er lokalisert ei ambulanse i Valldal. Den er heile tida bemanna med to ambulansepersonell. Dessutan er det ei ambulanse i Geiranger i forbindelse med vakta.

 

 

 

Legevakt
Telefon 116117