Koordinerte tenester

Koordinerte tenester

Det er koordinerande eining som vurderer kven som ut frå helse- og omsorgstenesteloven har rett på å få oppnemnt koordinator, og få utarbeidd ein individuell plan.

Kva er koordinator og individuell plan?

Ein koordinator er ein tenesteytar som skal sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet ditt, samt framdrift i arbeidet med individuell plan.

Når du har fått oppnemnt ein koordinator, er det denne som saman med deg avgjer starten på arbeidet med ein individuell plan. Du kan velje å ha ein koordinator sjølv om du ikkje ønsker å få utarbeidd ein individuell plan.

Ein individuell plan er et verktøy for samhandling og koordinering av tenestene dine.

Den individuelle planen er eit felles verktøy på tvers av fagområde, nivå og sektorar. Den skal seie noko om dine mål og ønsker, og vil vere med på å gi ei betre oversikt over kva som er viktig for deg i dag og framover. Den kan også gi ei oversikt over kven som er involvert i tenestene rundt deg.

Ein individuell plan skal ikkje erstatte behovet for detaljerte delplanar. Individuell opplæringsplan (IOP), behandlingsplanar, treningsprogram m.m. kan inngå som delar av den individuelle planen.

Det skal berre utarbeidast éin individuell plan.

Les meir i brosjyra.

Kven har rett på koordinator og individuell plan?

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven, kan du ha rett på koordinator og individuell plan.

Med langvarig er det meint at behovet må ha ei viss varigheit, men den treng ikkje vere varig eller strekke seg over fleire månader eller år. Koordinerte tenester betyr at du treng to eller fleire helse- og omsorgstenester. Det vil seie tenester frå forskjellige tenesteytarar, og at tenestene bør sjåast i samanheng.

Elektronisk individuell plan - kva og korleis?

For å lette samarbeidet rundt individuell plan, bruker vi verktøyet Visma FLYT SamPro. Det er både ei kommunikasjonsplattform og ein elektronisk møtestad for alle som er involvert i arbeidet med individuell plan (IP). Ein IP skal vere overordna og på tvers av faggrenser og forvaltningsnivå.

Det har fleire fordelar å bruke elektronisk IP:

  • Planen kan endrast på fortløpande, og blir dermed eit "levande" verktøy
  • Innkallingar og referat blir skrivne inn her
  • Ein kan vere sikker på at ein alltid har den siste versjonen tilgjengeleg
  • Verktøyet er tilgjengeleg på internett, i alle nettlesarar.

Tilgang
Brukaren er sjølv planeigar og kan gi andre tilgang til planen. Dette må skje gjennom informert samtykke og med signatur. I nokre tilfelle er det føresette eller verge som gjer dette.

Planeigar må gå gjennom planen sin, og bestemme kven som skal ha tilgang, kva den enkelte skal få tilgang til og kor lenge dei skal få ha tilgangen. Dette skjer saman med koordinator.

For å komme inn i planen, må ein ha en brukarkonto. Koordinator opprettar det for planeigar og alle deltakarar.
Adressa er www.individplan.no eller www.sampro.no  

Har du behov for koordinator eller individuell plan?

Dersom du har behov for, og lurer på om du kan ha rett på ein koordinator og /eller ein individuell plan, kan du ta kontakt med Koordinerande eining / Tildelingskontoret.

Du kan ta ein telefon dersom du har spørsmål, eller sende epost til post@fjord.kommune.no.

Hilde Christin Rognsø Furstrand
Sakshandsamar
E-post
Telefon 418 67 800
Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 418 67 800