Helsestasjon for barn frå 0- 5 år

Helsestasjon for barn frå 0- 5 år

Alle barn blir jamnleg innkalt til konsultasjonar på helsestasjonen.

Tema for konsultasjon og samtaler:

  • helseundersøking
  • vaksinasjon
  • søvn
  • amming og ernæring
  • tannhelse
  • språkutvikling
  • motorisk rørsleutvikling
  • psykososial utvikling
  • foreldre-barn samspel
  • samliv
  • støtte og rettleiing med tanke på barns psykiske helse.

Samtalane foregår individuelt eller i gruppe. I tillegg til det vanlege programmet, gir vi tilbod om ekstra besøk for å få råd og veiledning frå helsesjukepleiar eller lege.

Kronologisk oversikt konsultasjonar 0-5 år
Når Kva
Rett etter fødsel Heimebesøk av helsesjukepleiar innan 10 dagar etter fødsel
4 veker etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar på helsestasjonen
6 veker etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar og lege. Vaksine
3 mnd etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar. Vaksine
4 mnd etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar
5 mnd etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar. Vaksine
6 mnd etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar og lege
8 mnd etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar.
10 mnd etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar.
12 mnd etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar. Vaksine
15 mnd etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar. Vaksine
18 mnd etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar
2 år etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar og lege
4 år etter fødsel Kontakt med helsesjukepleiar.

 

Tilbodet er gratis.

Monika Stavseng
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 418 67 936
Bente Skarbø
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Telefon 418 67 946