Ønsker du som privatperson, lag/organisasjon eller som bedrift å bidra i inkludering av våre nyaste innbyggarar? Ta kontakt med flyktningtenesta på telefon 418 67 947.
Det kan for eksempel vere:
- at nokon treng ein besøksven
- at nokon har behov for språkpraksis
- at nokon ønsker å knyte kontakt med personar i same aldersgruppe
- at ei bedrift er på utkikk etter arbeidskraft
- at nokon ønsker å gå turar i skog og mark
- inkludrere i idrettene
- rekruttere medlemar i frivilliga lag/organisasjonar
Røde Kors – delta som frivillig
(du treng ikkje vere medlem)
Eidsdal-Norddal Røde Kors planlegg no sosiale aktivitetar for innbyggarane i kommunen. Aktivitetane vil bli spreidd utover hausten, og skal bidra til inkludering, sosialisering og samhald. Det vert planlagt utflukter, samlingar på Røde Kors huset, god mat og nytt bekjentskap.
Vil du bidra? Ta kontakt med Eidsdal/Norddal Røde Kors på e-post: eidsdal-norddal@rodekors.org
Publisert 23.10.2024 12.57