I regi av Eidsdal-Nordal Røde Kors vert det kvar måndag klokka 18 - 20 arrangert Norskprat på biblioteket i Valldal og Stordal Frivilligsentral. Norskprat er for deg som vil lære å snakke meir norsk, eller deg som vil lære vekk norsk. Norskprat er ein uformell sosial møteplass der vi snakkar norsk over ein kopp kaffi eller te.
Norskprat er åpe for alle som er interessert. Det er gratis, og treng inga påmelding. Alle er hjarteleg velkomne!
Tid: Måndagar 18 - 20
Stad: Valldal Bibliotek og Stordal Frivilligsentral
Norskprat i Valldal
Om du vil vere frivillig, ta kontakt med Gjertrud Melchior i Eidsdal-Norddal Røde Kors på e-post: gjermel@online.no
Norskprat i Stordal
Om du vil vere frivillig, ta kontakt med Wenche Henden på telefon 97130641
Publisert 23.10.2024 12.50