Flyktningar mellom 18 og 55 år som er busatt i Fjord kommune etter avtale med integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet.
Gjennom introduksjonsprogrammet skal flyktningar bli førebredt på deltaking i det norske samfunn og arbeidsliv. Deltakarane vil gjennom introduksjonsprogrammet få opplæring i norsk, få kunnskap om det norske samfunnet og arbeidslivet. Ein kan også få utdanning dersom det er behov for det. Målet etter endt introduksjonsprogram er enten arbeid eller utdanning. Introduksjonsprogrammet er på fulltid.
Introduksjonsprogrammet skal innehalde:
- Opplæring i norsk og samfunnskunnskap
- Livsmestring i nytt land
- Foreldrerettleiing (for foreldre med barn under 18 år, eller som får barn under programtida)
- Arbeids- eller utdanningsretta element
Flyktningar frå Ukraina:
Etter midlertidige bestemmingar som følgje av krigen i Ukraina, har flyktningar med kollektiv beskyttelse etter utlendingslova § 34 rett, men ikkje plikt, til å delta i introduksjonsprogram.
For deltakarar med kollektiv beskyttelse er det ei forventning om rask overgang til arbeid. Med arbeid som sluttmål etter endt program skal innhaldet i introduksjonsprogrammet vere arbeidsretta. Arbeidsretta introduksjonsprogram skal bestå av innhald som bidreg til at deltakaren tidleg får naudsynt kompetanse for å kunne delta i det norske arbeidslivet. Dette kan for eksempel vere praksis på ein arbeidsplass, korte yrkes- og bransjekurs, arbeid på deltid eller arbeidsmarknadstiltak.
Det obligatoriske innhaldet for fordrivne frå Ukraina er:
- Opplæring i norsk
- Arbeids- eller utdanningsretta element
- Foreldrerettleiing (deltakarar med barn under 18 år eller som får barn under programtida)
Norskopplæring
Det er vaksenopplæringa som er ansvarleg for gjennomføring av norskopplæringa. Opplæringa vil bli kombinert opplæring i klasserom og sjølvstudie.
Introduksjonsstønad
Introduksjonsstønaden er lik to gongar grunnbeløpet i folketrygda (2G), jfr. Integreringslova (kapittel 5, §20)
Publisert 23.10.2024 12.52