Med engasjement og talent for MOT

Med engasjement og talent for MOT

Sist veke var ungdommar frå Fjord på kurs for å bli gode MOTivatorar for andre. Dei viste stort engasjement og talent for å vere inkluderande samfunnsborgarar. Dette er flotte ungdommar å sende rundt i kommunen vår!

Det var 25 ungdommar frå skulane i Fjord, Sykkylven og Sula som var samla til MOT-kurs på Martin Linge-huset. Kurset gjekk over to dagar og var fylt med innhald og øving for å bli styrka i rolla som ung motivator.

Dei viktigaste oppgåvene i dette arbeidet er å vere gode rollemodellar som inkluderer alle, bidra til miljøtiltak på skulen og trygge overgangen mellom barneskule og ungdomsskule. Elevane øvde mellom anna på å bli gode formidlarar og kurset vart avslutta med framføring av oppgåver.

Det var niande- og tiandeklassingar som deltok og dei har søkt om å bli unge motivatorar for skulane sine.

MOT Norge dekte kurset, og regionleiar Gunn Anita Gjøvik var til stades saman med Maria Dvergsdal frå MOT Fjord og vaksne frå dei andre kommunane.