Vi har ein felles standard/kvalitetssikring som alle skal følgje i arbeidet sitt. Dette skal vere ei kvalitetssikring av arbeidet med elevane for å sikre likeverdig opplæring.
Vi har utarbeidd ei rekke konkrete planar/retningsliner som skal brukast i opplæringa for å kunne møte elevane sine behov for tilpassa opplæring. For å sjekke kvar vi står gjennomfører vi ståstedsanalyse, swot-analyse og elevundersøkingar. Resultata av desse vert gjenstand for felles refleksjon i utviklingstida vår, og naudsynte tiltak vert sett i gang. Vi har innført læringspartner som metode for m.a å få høgare elevaktivitet i læringsarbeidet, og vi gjennomfører kollegarettleiing ein gong pr. skuleår.
Vi ønsker å tilby elevane våre verdibaserte læringsomgivelsar. Forsking viser at relasjonar og tryggleik er viktig for læring. Relasjonskompetanse var tema i kollegarettleiinga. Vi har i løpet av dette skuleåret vidareutvikla vår kompetanse på relasjonar, og har kome fram til nokre retningsliner som alle skal følgje. I tillegg har vi utvikla ei verktøykasse der dei tilsette finn gode tips til korleis dei kan jobbe med relasjonar. Dette er eit ledd i vårt arbeid med å utvikle vår kollektive praksis. Det handlar om kollektive verdiar, haldningar og arbeidsmåtar, og om at vi skal lære elevane om kva det vil seie å vere ein lærande, det handlar om å få opp bevisstheita om kvifor vi er her på skulen.
Vårt overordna mål er at våre felles verdiar, og felles praksis skal synast i alle klasserom på skulen.
Medverknad for elevane
- Elevråd.
Elevrådet skal fremme fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i, og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.
- Elevsamtalar to gongar per år
- Utviklingssamtalar to gongar i året
Foreldra sitt samarbeidsutval (FAU)
Er heimla i opplæringslova og samansett av klassekontaktene.
FAU skal
- Fremje fellesinteressene til foreldre og føresette.
- Medverke til at foreldre og føresette kan ta aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø.
- Medverke til godt samarbeid mellom heim og skule.
- Medverke til positiv utvikling av elevane.
- Skape kontakt mellom skulen og nærmiljøet.
Samarbeidsutvalet (SU)
Samarbeidsutvalet er skulen sitt høgste rådgjevande organ. Elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette er representerte i SU. I tillegg har kommunen to representantar, og rektor skal vere den eine av desse.
SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen t.d:
- Forslag til budsjett.
- Verksemds-og utviklingsplan for skulen.
- Plan for samarbeid skule- heim.
- Skulevurdering.
- Planar for ombygging og vedlikehald.
- Skulen si informasjonsverksemd.
- Skuleskyss.
- Trafikktilhøve.
- Ordensreglement.