Ny i barnehagen

Å begynne i barnehagen er ofte ei tid prega av forventningar og litt usikkerheit både hos barn og foreldre. Korleis kjem dette til å gå? Vil barnet mitt trives i barnehagen? Ofte går du frå ei tid som foreldre der du har full kontroll over alt som skjer med barnet, til å oppleve at du må sleppe denne kontrollen og gi barnet ditt over til andre omsorgspersonar.  Det er ein stor overgang for både barn og foreldre. 

Kva gjer vi i Syltebøen barnehage i denne overgangstida?

I Syltebøen barnehage kallar vi dette tilknytingsperioden. Det vil sei at vi vil knyte relasjonar til barna og til dykk som foreldre. Vi vil jo bli kjent med dykk! Og det er viktig at de som foreldre blir trygge på at vi som arbeider i barnehagen kjem til å ta godt vare på barnet dykkar. Vi har stor respekt for at de leverer dykkar kjæraste til oss. Så takk for tilliten. 

Før barnet begynner:

  • Opne besøksdagar i løpet av året 
  • Besøksdag i mai til dei som skal begynne (eigen invitasjon)
  • Kontakt ved behov

Når barnet begynner:

  • Første dag er foreldre med heile tida, tidsrom ca to timar. 
  • Etter det avtaler de med personalet om framdrift. Ulike familiar og barn har ulike behov. 
  • Mange kan rekne med ein periode på tre dagar, nokre kan ta lenger tid. 

Viktig når du skal gå i frå barnet ditt:

    • Smil!
    • Sei alltid i frå når du går! Ikkje lur deg vekk når det går bra. Då vil barnet leite etter deg og ikkje finne deg, det er inga god oppleving.
    • Barnet speiler deg. Om du er utrygg og ikkje har lyst å forlate barnet, så vil barnet merke det. Om du viser at det er trygt for barnet å vere her, så vil barnet stole på det. Barnet har full tillit til deg som forelder.
    • Om du er usikker på om det går bra, ring oss eller send oss ein SMS og vi vil svare deg.
    • Vi tek alltid kontakt om barnet ikkje roar seg og ikkje har det bra!