Prisar og betaling

Kort fortalt


►Ein barnehageplass kostar 3.135 kroner per månad.

►Du betalar frå den månaden barnet ditt startar i barnehagen.

►Kostnad for mat kjem i tillegg.

►Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre.

►Familier med lav inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling.

►Eit vedtak om redusert barnehagebetaling gjeld for eit år av gangen. Ein må søke på nytt for kvart barnehageår.


Du betalar for elleve månader i året. Det er betalingsfri i juli.


Kostpengar i barnehage

Foreldrebetaling for kost Pris
Heil plass 300,00


Kostpengar kjem i tillegg til gebyr for sjølve barnehageplassen og skal dekke utgiftene til maten barnet får i barnehagen. Kostpengane blir fakturert saman med gebyret for barnehageplassen kvar månad.

Familiar med lav inntekt kan søke om redusert foreldrebetaling.

 

Søskenmoderasjon

Familiar med meir enn eitt barn i barnehagen betaler mindre. Det blir trekt 30 prosent frå månadsprisen for barn nummer to, og 50 prosent frå månadsprisen frå ytterlegare barn.

Det er ikkje nødvendig å søke om ordninga, men pass på at det er den same føresette som står oppført som "Føresett 1" på alle barn i opptakssystemet. Redusert pris for søsken gjeld ikkje mellom barnehage og SFO.

Skattefrådrag for utgifter til barnehage

Som forelder har du krav på frådrag for dokumenterte utgifter til barn i barnehage, ordninga gjeld om du bur saman med barnet.

Barnehagane er pliktige til å rapportere inn betaling for barnehageopphaldet til Skatteetaten.
Innrapportert beløp frå barnehagen viser i sjølvmeldinga som forhåndsutfylt beløp i post 3.2.10.

Sjå skatteetaten.no for meir informasjon.

Adresse

Vinjehjellane 9
6250 Stordal

Åpningstider

07.00 - 16.30