Valldal aktivitetspark for 1.-10. klasse (FULLT)

Valldal aktivitetspark for 1.-10. klasse (FULLT)

Klikk for stort bileteTid: Måndag 28. juni kl. 09 - 15 – 1 dag
Stad: Valldal aktivitetspark
Målgruppe: 1.-10. klasse

Bli med på ein heil dag med klatring og aktivitet! Klatreløyper, zip-lines, hoppepute og hoppeslott. Nytt i 2021 er «Bagjump», oppdaterte familieløyper og ei lita sandstrand med badekulp.

Personar under 18 år skal ha godkjenning av føresette/ansvarleg for å delta. Skriv ut og ta med ferdig underskrive eigenerklæringsskjema som du finn på lenka under.

Barn under 12 år må ha med ein vaksen i løypene. Maks fire barn per vaksen. Barn under 14 år må ha tilsyn av vaksne (treng ikkje å klatre).

Om det er foreldre eller andre over 18 år som har lyst å vere med som frivillige klatrarar/frivillige tilsynsvakter denne dagen, er det fint om de snarast tar kontakt med Supersommar på e-post: bjorg.jacobsen@fjord.kommune.no.  

Les meir om Valldal aktivitetspark her.

Ta med:
Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
Det er anbefalt med hansakar. (Tynne arbeidshanskar, langrennshanskar, sykkelhanskar el.l.). Kan også kjøpast i parken for kr 50,-
Lenke til eigenerklæringsskjema som skal signerast av føresette.

Bjørg Jacobsen
Dagleg leiar frivilligsentral i Stordal
E-post
Telefon 418 67 836