Teater og musikk med FRIKO for 1. - 10. klasse

Teater og musikk med FRIKO for 1. - 10. klasse

Klikk for stort bileteTid: Fredag 13. august kl. 09.30 - 14.30  – 1 dag
Stad: Eidsdal skule
Målgruppe: 1.-10. klasse (Blir delt i to grupper)

Syns du det høyrest spennande ut med skodespel, teater og musikk? På dette kurset kan du få ein smakebit av nettopp det! Her vil vi nytte leik som utgangspunkt, og ha fokus på å skape trygge rammer saman kor ein kan våge å by på seg sjølv og gjere feil. Du treng ikkje ha noko erfaring med å stå på scena, spele teater eller instrument frå før, alle er hjarteleg velkomne!

Instruktørane er to av medlemmane i kompaniet FRIKO. Fride Snipsøyr Holøs er utdanna musikkteaterutøvar frå Musikkteaterhøyskolen og er no på siste året av skodespelarutdanninga ved teaterhøgskulen TeaterNord. Fride Nøstdahl Hjelle er utdanna jazzpianist og musikkpedagog frå Norges Musikkhøgskole. Dei to har jobba saman sidan dei var tenåringar, både på teater- og konsertscena. Dei kjem med følgjande helsing: «Vi gler oss til å treffe dykk og leike med dykk!»

Aktivitetar blir det også. Denne dagen vil gruppa bli delt i to, og når du ikkje er på teater, vil du få vere med på aktivitetar inspirert av «Eidsdalsrøre». Dette er t.d. pil og boge, luftgevær, dyre-besøk m.m. (Dette er avhengig av vêret og samansetjing av gruppene).

Om kvelden, kl 18:00, vil framsyninga «Chartermonster» av FRIKO bli spelt i Poldløa i Eidsdal – her må ein gjerne ta turen i lag med familie eller vener!  

Denne aktiviteten kan ha maks 30 deltakarar

Ta med:
Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
Kle du kan bevege deg i og ta med deg fantasien!

Teater og musikk med FRIKO for 1. - 10. klasse





Felt merka med * må fyllast ut
Bjørg Jacobsen
Dagleg leiar frivilligsentral i Stordal
E-post
Telefon 418 67 836