Taekwondo for 1.-4. klasse

Taekwondo for 1.-4. klasse

Klikk for stort bileteTid: Onsdag 11. august kl 09 - 15 – 1 dag
Stad: Martin Linge- huset
Målgruppe: 1.-4. klasse

Storfjord Taekwondo inviterer til ein kjekk dag med koreansk kampsport! I tillegg til å vere ein treningsform som passar både for barn, ungdom, vaksne og eldre, er taekwondo også eit sjølvforsvarssystem og ein konkurranseidrett.

Ei treningsøkt i taekwondo startar gjerne med oppvarming og uttøying. Deretter blir det øvingar i grunnteknikk som slag, spark, blokkeringar og forflytting. Utøvarane lærer også ulike mønster, som er grunnteknikkar satt saman på bestemte måtar. Kvar beltegrad har sine eigne mønster. Sjølvforsvarsteknikkar er også ein del av taekwondo-treninga. Utøvarane lærer fallteknikk, låsingar, bakkekamp, å kome seg fri og å blokkere angrep. I tillegg til fysisk framgang, skal taekwondo også bidra til personleg og åndeleg utvikling, betre sjølvdisiplin og sjølvtillit.

Dagen vil bli delt opp i to økter med ein god lunsjpause imellom. Innhaldet blir variert og vil bli gjennomført av Storfjord Taekwondo sine instruktørar.

Her kan du lese meir om Storfjord Taekwondo

Denne aktiviteten kan ha maks 25 deltakarar

Ta med:
Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
Treningskle

Taekwondo for 1.-4. klasse





Felt merka med * må fyllast ut
Bjørg Jacobsen
Dagleg leiar frivilligsentral i Stordal
E-post
Telefon 418 67 836