Song og dans med Maria og Vyara for 1.-4. klasse

Song og dans med Maria og Vyara for 1.-4. klasse

Klikk for stort bilete

Tid: Tysdag 29. juni kl 09:00-15:00 – 1 dag
Stad: Stordalshallen
Målgruppe: 1.-4. klasse

Likar du å synge og danse? Bli med på ein gøy og lærerik workshop! Dette blir ein trygg og koseleg måte å lære ein dans med song. Ha på deg noko du synest er digg å danse i!  

Maria Holand Tøsse og Vyara Klisurska ønskjer velkomen til song- og danseworkshop i Stordalshallen. Maria kjenner dei fleste frå før av. Ho jobbar som songar, coach og konferansier og har hatt songseminar i Stordal i over 15 år. Nytt denne gongen er at ho har med seg ein internasjonal dansar, som elskar å inspirere andre til å danse meir. Vyara har jobba som dansar, koreograf og musikalartist i mange år - på scene, TV og musikkvideoar i Europa og Asia. Ho er frå Bulgaria og snakkar mest engelsk, men lærer seg for tida norsk. Kanskje vi kan lære ho nokre ord også?

Bli med på denne herlige workshopen! Vi lover masse musikk, dans, latter og moro! 

Vi avsluttar dagen med å spele inn ein enkel musikkvideo, som de kan ha som eit fint minne! 

(Det er frivillig å vere med på videoinnspeling, sjå påmeldingsskjema).

Song og danseworkshops er støtta av UKM Norge.  Klikk for stort bilete

Ta med:
Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
Innesko

NB! Påmeldinga er stengt, men det er plass til fleire.

Ta direkte kontakt med Bjørg via e-post eller tlf. 905 29 164.