Kokkekurs for 1. - 4. klasse (FULLT)

Kokkekurs for 1. - 4. klasse (FULLT)

Klikk for stort bileteTid: Tysdag 10. august kl. 09 - 15 – 1 dag
Stad: Valldal skule
Målgruppe: 1.-4. klasse

Mat og måltid er nødvendig for ei god helse. Mat gjer oss mette og glade. Å lage mat saman gir både glede og  trivsel.

Valldal Bygdekvinnelag legg opp til matlaging med vekt på tradisjonsmat. Vi skal lage god mat frå grunnen av.  Vi inviterer til  kjekke og trivelege  dagar på kjøkkenet!

Formiddag

Vi lagar og et ein god lunsj.

Etter lunsj

Bakeverkstad. Vi lagar bakverk som du får smake, og du kan også få med litt heim.

Det blir gode pausar med aktivitet tilpassa aldersgruppa.

Her kan du lese meir om Valldal Bygdekvinnelag

Denne aktiviteten kan ha maks 16 deltakarar.

Det blir eit ekstra kurs 9. august, sjå anna innlegg på sida her.

Ta med:
Drikkeflaske og eventuelt niste dersom du treng litt ekstra mat i løpet av dagen.

Bjørg Jacobsen
Dagleg leiar frivilligsentral i Stordal
E-post
Telefon 418 67 836