Fotballskule for 5.-10. klasse

Fotballskule for 5.-10. klasse

Klikk for stort bilete Tid: Torsdag 22. juli og fredag 23. juli kl 09:00-15:00 – 2 dagar
Stad: Kirkebø stadion, Stordal
Målgruppe: 5.-10. klasse

Stordal IL Fotball inviterer til fotballskule for 5.-10. klasse. Vi sett fokus på Fairplay, grunnleggande teknikkar, lagspel samhald og litt generelt om trening og kosthald. Dagane blir delt opp etter at påmeldingane er klare og vil bli gjennomført av instruktørar frå fotballgruppa.

Om du er keeper og ønsker keepertrening, informerer du om dette i feltet «Allergiar eller anna informasjon vi bør ha» i påmeldingsskjemaet.

Denne aktiviteten kan ha maks 30 deltakarar.