Supersommar

Supersommar

Klikk for stort bilete

Som følgje av koronapandemien, har regjeringa i år gitt ekstra bevillingar for å arrangere sommarskule for 1.-10. klasse. Sommarskulen blir finansiert av Fjord kommune, med støtte frå Utdannings-direktoratet, Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og UKM Norge, og det er gratis for alle deltakarane.

Vi ønskjer i hovudsak å tilby aktivitetar i vekene 25, 26, 31,32 og 33.  Aktivitetane vil i utgangspunktet vare frå kl 09-15.
Alle deltakarar må ta med eigen niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.

Meir informasjon vil kome forløpande i eigne artiklar på heimesida for kvar enkelt aktivitet. 

Påmelding
Det vil bli påmelding til kvar enkelt aktivitet via heimesida til Fjord kommune. Nokre av aktivitetane vil ha begrensa antal plassar.  (Unntaket er Forskerfabrikken som har eiga påmelding, men deltakarane må likevel melde inn ev. behov for transport på heimesida til Fjord kommune. Forskerfabrikken bruker klassetrinnet barna skal gå på til hausten). 

Du melder barnet på til aktivitet på det klassetrinnet eleven går på våren 2021.

Påmelding vil vere open fram til tre dagar før oppstart eller til aktiviteten er fulltegna.

Det er bindande påmelding – om barnet likevel vert hindra i å delta, er det viktig at de melder frå, slik at andre kan få tilbod om plass dersom det er venteliste.
Barn som skal starte i 1. klasse til hausten kan ikkje delta på Supersommar, med mindre dei har SFO-plass og SFO skal delta på den aktuelle aktiviteten. (Då vil SFO sørge for påmelding).

Transport
Vi vil sørge for transport mellom Stordal skule - Liabygda - Linge ferjekai – Valldal sentrum og til den staden aktiviteten skal vere. Dersom nokon har problem med å kome seg frå heimen og til/frå dei nemnde plassane, må de krysse av for dette i påmeldingsskjemaet.

Følg med på denne sida for oppdatert informasjon.

Tid: Fredag 25. juni kl.  09 - 15 – 1 dag
Stad: Kulå Bowling, Valldal
Målgruppe: 1. - 4. klasse

Tid: 21.-25. juni kl 09:00-15:00 – 5 dagar
Stad: Valldal skule
Målgruppe: 5.-7. klasse (til hausten)

Tid: 2.-8. august kl 09:00-15:00 – 5 dagar
Stad: Stordal skule
Målgruppe: 5.-7. klasse (til hausten)

Tid: Måndag 21. juni kl. 09 - 15 – 1 dag
Stad: Valldal
Målgruppe: 7.-10. klasse

Tid: Tysdag 22. juni kl. 09 - 15 – 1 dag
Stad: Valldal
Målgruppe: 7.-10. klasse

Tid: Onsdag 23. juni kl. 09 - 15 – 1 dag
Stad: Valldal
Målgruppe: 7.-10. klasse

Tid: Torsdag 24. juni kl. 09 - 15 – 1 dag
Stad: Valldal
Målgruppe: 7.-10. klasse

Tid: Torsdag 24. juni kl 09 - 15 – 1 dag
Stad: Stall Bjørstad, Valldal
Målgruppe: 1. - 4. klasse

Tid: Fredag 25. juni kl 09 - 15 – 1 dag
Stad: Stall Bjørstad, Valldal
Målgruppe: 5. - 10. klasse

Tid: Tysdag 29. juni kl 09:00-15:00 – 1 dag
Stad: Stordalshallen
Målgruppe: 1.-4. klasse

Bjørg Jacobsen
Kontaktperson Supersommar
E-post
Telefon 905 29 164