Planar til offentleg ettersyn og høyring

Politivedtekta er ei lokal forskrift som skal vedtakast av kommunestyret. Norddal og Stordal har blitt til Fjord kommune, og då er det nødvendig med ei ny felles politivedtekt.

Nordplan AS varslar på vegne av RH Investments AS varsel om utviding av planområdet for tidlegare varsla planarbeid for Raudbergvika landbaserte oppdrettsanlegg. Utbyggar ønskjer å legge til rette for å kunne etablere tunnel frå Raudbergvika til Eidsdal, med eit tilhøyrande næringsareal i Eidsdal.