Høyringar og offentleg ettersyn

Høyringar og offentleg ettersyn

På denne sida finn du informasjon om det pågåande planarbeidet i Fjord kommune. Her finn du kunngjeringar om oppstart av planarbeid og ein oversikt over planar og andre styringsdokument som ligg ute til høyring og offentleg ettersyn.

Varsel om oppstart av planarbeid

Den som skal i gang med å lage eller endre ein reguleringsplan skal direkte varsle dei som har eigedommar i området og annonsere planarbeidet i minst ein avis. Varselet om oppstart leggjast òg ut her slik at alle kan si si meining når kommunen eller andre starter opp arbeidet med ein reguleringsplan. Innspel til varsel om oppstart skal sendast til forslagsstiller, kontaktinformasjonen ligg i varselet.

 

Planar til offentleg ettersyn og høyring

Her ligg planar og styringsdokument som er ute til offentleg ettersyn og høyring slik at dei saka vedkjem og andre interesserte kan kome med innspel. Dei motekne merknadane blir ein del av saksframlegget når saka leggast fram til ny politisk handsaming. Merknadar skal sendast til post@fjord.kommune.no.

Planstrategi 2020-2023 og Planprogram for kommuneplan samfunnsdel – Melding om vedtak 

Detaljreguleringsplan for Stordal brannstasjon 

Strategi og målsetjing for hjorteviltforvaltninga i Fjord kommune 2021-2024

Forskrift om minsteareal for jakt på elg, hjort og rådyr, Fjord kommune

Planprogram Røbbervika

 

Nyleg vedtekne planar

Mindre endring i nyleg godkjent reguleringsplan for H5

Fjord kommunestyre vedtok i møte den 01.10.2020 (sak 106/20) detaljregulering for Kreksa hyttegrend som ligg tilknytt Omenås hyttegrend, Valldal. Planen legg til rette for fem nye tomter for fritidsbustader nordvest for eksisterande hyttegrend og har tilkomst gjennom dette feltet.

Fjord kommunestyre vedtok i møte den 01.10.2020 (sak 104/20) reguleringsplan for del av hytteområde H5, Overøye. Planen legg opp til fortetting av eit eksisterande hytteområde med sju tomter, samt justering av eksisterande vegtrasé.

Fjord kommunestyre vedtok i møte den 01.10.2020 (sak 10/20) reguleringsplan for hyttefeltet H60, Overøye. Planen legg opp til etablering av inntil 59 fritidsbustader med omtrenteleg 47 bueiningar som enkelthytter og 12 bueiningar som 2-mannshytter i Øvre Stordal. Planforslaget har som føremål å auke næringsgrunnlaget for alpinalegget (1,4 km frå planområdet), og generelt auke aktiviteten og bruk av området med tanke på skiløyper, turstiar og lignande.

Martin Hove
Leiar plan og miljø
E-post
Telefon 418 67 920