Prosessen

Prosessen

Her finn du ei opplisting av dei viktigaste stoppunkta i arbeidet fram mot Fjord sin første samfunnsdel.

Samfunnsdelen

Vedtak om offentleg høyring

Formannskapet vedtok 2. september å legge samfunnsdelen ut på høyring. Høyringsperioden blir fram til 22. oktober.

Arbeid med kunnskapsgrunnlaget

Ei eiga arbeidsgruppe har arbeidd med å få fram eit detaljert kunnskapsgrunnlag som dannar bakgrunn for samfunnsdelen. Her er tal, fakta og statistikk om kva som kjenneteiknar Fjord. Kunnskapsgrunnlaget skal gi godt grunnlag for eit systematisk og målretta planarbeid. 

Kunnskapsgrunnlaget blir lagt ut på høyring saman med samfunnsdelen.

Arbeidsgruppa her bestått av:
Monika Høydal Lingaas, Martin Flatmo Hove, Emma Kuskemoen, Kristi Linge Stakkestad og Aud Lindis Ødegaard

Tilbakemeldingar frå råda

Ungdomsrådet, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldrerådet har hatt samfunnsplan som tema, og var invitert til å kome med innspel i den innleiiande runden. Alle var positive til arbeidet som er gjort så langt, og så blir det ein grundig gjennomgang under høyringsprosessen.

Innbyggarundersøking

I januar 2021 vart det gjennomført ei stor innbyggarundersøking der vi fekk mange gode tilbakemeldingar. 

Du kan lese om hovudtrekka her

Oppsummering workshop

Det vart lage ei kort oppsummering frå innbyggarundersøkinga og workshopen. Den kan du lese her

Her finn du også statusinformasjon frå ordføraren.

Prosjektgruppe

Det vart nedsett ei prosjektgruppe som består av:

Eva Hove, Ordførar
Karl Andre Birkhol, Kommunedirektør
Aud Lindis Ødegaard, Leiar plan, digitalisering og beredskap
Martin Hove / Emma Kuskemoen, planavdelinga
Marianne Solbakken, Distriktssenteret
Synnøve Valle, Møre og Romsdal fylke

Fastsetting av planstrategi og planprogram

Kommunestyret gjorde vedtak 04.02.21 i k.sak 04.21.

Du kan lese saka her

Workshop for kommunestyret

November 202 var det workshop med kommunestyret. 

Les meir om samlinga her.

Spørjeundersøking om kva ein likar og ikkje likar med kommunen

Det vart gjennomført ei digital spørjeundersøking i forkant av workshop med kommunestyret i oktober 2020.

Kort oppsummering av undersøkinga finn du her.