Vi vil ha innspel

Vi vil ha innspel

Vi har snakka med kjekke born som har ulike tankar om kva dei ønskjer seg i Fjord kommune. Vi vil gjerne høyre kva du meiner også om utkast til kommuneplanen sin samfunnsdel. 

Sjå den kjekke filmen av ordførar Eva og barnehageborna, og tenk over kva som er viktig for deg.

 

I samband med at samfunnsdelen av kommuneplanen no ligg ute til høyring, vil ordførar Eva Hove legge opp til ei besøksrunde slik at det skal vere lett for innbyggjarane å kunne kome med synspunkt på kva som er viktig for ei god framtid for Fjord kommune. Under ser du når ho vil vere å treffe:

Plan for besøk i bygdene

Måndag 27. september kl 1100 – 1200                 Nærbutikken i Tafjord
Måndag 27. september kl 1300 – 1400                 Sparbutikken i Valldal
Måndag 27.september kl 1400 – 1500                  Bunnpris i Valldal

Tysdag 28. september kl 1500 – 1600                   Coop Prix i Stordal
Tysdag 28.september kl 1600 – 1700                    Joker i Stordal

Måndag 4. oktober kl 1300 – 1400                         Nærbutikken i Norddal
Måndag 4. oktober kl 1430 – 1530                         Coop i Eidsdal

Møt opp for gode samtalar, eller send innspel til kommunen. Vi håper de diskuterer dette på styremøte, rundt lunsjbordet eller andre plassar der de møtest.  Planutkastet og informasjon om korleis du kan gi tilbakemelding finn du her