Kommuneplanen sin samfunnsdel - offentleg høyring

Kommuneplanen sin samfunnsdel - offentleg høyring

 Fjord kommune har no sin første samfunnsdel klar for høyring.

 

Hugsar du innbyggarundersøkinga frå i vår? No har vi studert alle innspela og laga eit utkast til samfunnsplan. 

Målet vårt er sjølvsagt at Fjord kommune skal vere ein god kommune for alle som bur her, kommunen skal vere triveleg å besøkje, vi skal vere ein god kommune å drive næringsverksemd i – og vi vil skape ein kommune som folk har lyst til å flytte til. Vi skal også vere ein kommune som tar vårt ansvar når det gjeld dei store klima- og miljøutfordringane vi står overfor.

No blir spørsmålet: Synest du vi har greidd å fange opp det viktigaste? Synest du vi har forma gode tiltak  for å nå desse målsetjingane?

Alle kommunale planar skal leggast ut på høyring, slik at innbyggjarane kan få høve til å kome med innspel før kommunestyret vedtar planen. Formannskapet vedtok i møte 02.09.21, sak 102/21, å legge forslag til samfunnsdel ut til offentleg høyring fram til 22. oktober. 

Samfunnsplanen er ein svært viktig plan som vil danne grunnlag for både budsjett og andre politiske vedtak. Derfor er det viktig at du gir oss dine innspel. Vi har lagt opp til ein ganske omfattande høyringsprosess, der innbyggjarane på ulikt vis får høve til å kome med sine kommentarar.

Les utkast til plan her (PDF, 2 MB)

Kunnskapsgrunnlaget finn du her (PDF, 5 MB)

Vil du gjennomføre gjestebod? Les meir om det her

Kom med di tilbakemelding her.

Meir informasjon om arbeidet finn du her

Send innspel via tilbakemeldingsskjemaet, eller send epost til post@fjord.kommune.no innan 22. oktober.