Møte i idrettsrådet

Kommuneplanen sin samfunnsdel vart laga etter ein omfattande involveringsprosess med mange gode innspel. Vi er no over i neste fase der vi skal arbeide saman med realisering av planen. 

Eit velfungerande samfunn er som tannhjul som grip inn i kvarandre. Tannhjula kan vere av ulik storleik og ha ulik kraft, men for at heile samfunnsmaskineriet skal fungere på sitt beste, er det viktig at desse tannhjula grip inn i kvarandre. 

Slik er det i eit lokalsamfunn. Sjølv om kommunen er  eit stort tannhjul som har ansvar for å yte tenester «frå vogge til grav», så greier ikkje kommunen åleine å syte for at alle innbyggjarane får oppfylt sine behov for eit godt og meiningsfylt liv. Men her kjem dei andre tannhjula, alle dei frivillige lag og organisasjonane, inn. Saman kan kommune, næringsliv  og dei frivillige skape gode lokalsamfunn. Samfunnsdelen  av kommuneplanen viser ei rekkje tiltak som vi må samarbeide om for å få til. 

 Dette var noko av det eg snakka om på møte med idrettsrådet i Fjord kommune. Idrettslaga tilbyr eit breidt spekter av aktivitetar og rår over mange møteplassar. Idretten er eit viktig tannhjul i samfunnsmaskineriet! 

Eva Hove, ordførar