Kommunevåpen

Kommunevåpen

Klikk for stort bileteFJORDEN er eit bilete på sjølve Fjord kommune, med dei ulike delane av fjordlandskapet med vatn og himmel imellom seg.

Våpenet er teikna av Dag Øistein Endsjø.

Våpenet vart samrøystes vedtatt av kommunestyret 30. oktober 2019 etter tilråding frå fellesnemnda for nye Fjord kommune. Godkjenninga kom etter konkurranse utlyst av fellesnemnda med frist 1. mars 2019, der 140 forslag kom inn. Fagjury og folkejury vald av fellesnemnda gjekk saman om ei rangering av forslaga, som låg til grunn for fellesnemnda si tilråding.