Spørjeundersøking til næringslivet

Spørjeundersøking til næringslivet

Klikk for stort bileteFjord kommune er no godt i gang med å utarbeide planar for korleis vi skal legge til rette for ei god utvikling av den nye kommunen.

Ei positiv næringsutvikling er svært viktig for busetnad, folketalsutvikling og tenesteproduksjon. Men for at vi skal bli skikkeleg gode på å legge til rette for ei positiv næringsutvikling, er det nødvendig for oss å vite kva dei næringsdrivande meiner er viktig for alle som enten driv næring her i dag – eller som har planer om å starte næringsverksemd i kommunen i framtida. Det er difor sendt ut ei spørjeundersøking om dette.

Tilbakemeldingane vil bli tatt med i det vidare arbeidet med å utarbeide ein næringsplan for Fjord kommune. 

Er du næringsdrivande eller grunder, og ikkje har fått tilsendt spørjeundersøkinga? Ta i så fall kontakt med Charles Tøsse, epost: charles.tosse@fjord.kommune.no så får du tilsendt link.