Husk innbyggarundersøkinga

Husk innbyggarundersøkinga

Klikk for stort bileteHar du ikkje fått svart på innbyggarundersøkinga enno? Svarfrist er i morgon, 29. januar, så hiv deg rundt.

Kommunens viktigaste oppgåve er å gi gode tenester og legge til rette for ei god og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Som ny kommune står Fjord kommune no overfor eit viktig arbeid med å legge planer for utviklinga av kommunen vår.

Vi ynskjer å ta folk med på råd når vi skal stake ut kursen. Vi har nyleg gjennomført ei undersøking blant næringsdrivande for å høyre kva som er viktig for å få ei god næringsutvikling, og vi hadde i haust også ei enklare innbyggarundersøking.

No vender vi oss igjen til innbyggjarane våre med ei litt meir omfattande undersøking. Dei fastbuande, dei som pendlar inn eller ut av kommunen og  fritidsinnbyggjarane våre, kan gi oss viktig informasjon om kva som er viktig sett frå deira synsstad. Det same gjeld ungdom med røter i kommunen vår, men som no bur andre stader i landet. Alle desse gruppene vert inviterte til å kome med innspel til Fjord kommune, innspel som vi kan legge til grunn når vi lagar samfunnsplanen vår.

Distriktssenteret og Møre og Romsdal fylkeskommune hjelper oss i dette arbeidet.

Du kan også vere med å påverke utviklinga med å gi oss verdfull informasjon om kva som er viktig for deg. Eg håper derfor at mange vil ta seg tid til å svare på undersøkinga som du finn ved å klikke på lenka under.

Link til undersøkinga

Undersøkinga er open frå og med 15. januar t.o.m 29. januar 2021.

På førehand mange takk for hjelpa!

Med vennleg helsing
Eva Hove, ordførar