I perioden 19. – 26. oktober 2020 vart det gjennomført ei spørreundersøking om korleis ein ønsker at Fjord kommune skal utvikle seg. Målgruppa var ungdom, unge vaksne og vaksne. 339 svarte på heile eller deler av undersøkinga. Fordelinga mellom dei ulike aldersgruppene som har svart, er 68 (20 %) mellom 13-16 år, 47 (14%) mellom 17-25 år, og 223 (66%) er 26 år eller eldre.