|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: C14 &06
Saksmappe: 07/00186-1
Sakshandsamar: Kristi Linge Stakkestad Dato: 22.02.07 |
Etablering av SLT
(Samordning av Lokale kriminalitetsførebyggjande Tiltak) i Norddal kommune
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
28.02.07 |
|
|
021/07 |
Kommunestyret |
08.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Brev frå Det kriminalitetsforebyggende råd, datert 23.01.07.
Brev frå Lensmannen i Stranda og Norddal. Vert utdelt på møtet.
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Norddal kommune ser positivt på det kriminalitetsførebyggjande prosjektet og søker KRÅD om stimuleringsmidlar.
2. Finansiering av ei 30 % stilling som SLT-koordinator vil ein kome tilbake til etter ei eventuell tildeling.
Handsaming i Kommunestyret 08.03.2007:
Per Jomar Nerli Al
fekk permisjon frå resten av møtet – Per Ove Ødegaard gjekk inn i han sin stad.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Norddal kommune har motteke brev frå Det kriminalitetsforebyggende råd (KRÅD) med informasjon om høvet til å opprette ei SLT-koordinatorstilling i kommunen.
SLT er ein tverretatleg samarbeidsmodell for organisering, koordinering og vidareutvikling av tiltak på lokalplanet. Samordninga krev forankring i lokale styringsorgan og i politiet. Modellen legg vekt på nytten av å ha ein koordinator til å sørgje for framdrifta av dette arbeidet i kommunen.
Det blir føresett at det blir tilsett koordinator i minimum 30 % stilling. Vedtak må fattast for minimum 3 år.
Ordninga som har som overordna mål å førebyggje kriminalitet mellom barn og unge.
Det er i dag 160 kommunar som er med i SLT-ordninga. Vi har vore i kontakt med Sandøy og Ørskog kommunar som har gitt positive tilbakemeldingar om at dei er særs nøgde med opplegget.
SLT-arbeidet skal organiserast på tre nivå: ei overordna styringsgruppe, ei arbeidsgruppe og det utøvande nivået.
KRÅD tilrår at den overordna styringsgruppa skal bestå av anten ordførar eller rådmann, lensmann og SLT-koordinator. Norddal kommune har den tverrfaglege samarbeidsgruppa Byggeklossen, som består av pedagogisk konsulent, helsesøster, psykiatrisk sjukepleiar, sosialleiar, kultursjef og miljøarbeidar. Denne kan utvidast og fungere som arbeidsgruppe for SLT. Den utøvande stillinga som SLT-koordinator vil det vere naturleg å sjå i samanheng med eksisterande stillingar i organisasjonen, mellom anna den nyoppretta stillinga som miljøarbeidar.
Lensmannen i Stranda og Norddal ser positivt på saka.
Vi er ein kommune med sjeldan besøk av politi. Vi veit av erfaring at mange ungdommar kan strekke grensene for kva som er lov og ikkje lov. Gjennom SLT vil vi få eit organisasjonsapparat og ressursar til førebyggjande aktivitetar og informasjon.
Med det nye ungdomstiltaket Ung fredag og dei to eksisterande ungdomsklubbane i kommunen har vi og ein viktig prosjektarena, ein møteplass for den målgruppa prosjektet gjeld.
Ifylgje retningslinjene til KRÅD kan ein søknad tilføre kommunen inntil kr 150 000, avhengig av søkjartal og innbyggjartal. Dette er ein eingongssum. Det er høve til å søkje om midlar fleire gongar. Midlane kan i startfasen brukast til å delfinansiere lønn til koordinatorstillinga. Kommunen må forplikte seg på eigenfinansiering på minst det same beløpet som blir tildelt, her kan vi nytte midlar til allereie eksisterande tiltak.
Norddal kommune ser positivt på det kriminalitetsførebyggjande prosjektet og søker KRÅD om stimuleringsmidlar.
Finansiering av ei 3-årig prosjektstilling som SLT-koordinator i 30 % vil vi kome tilbake til etter ei eventuell tildeling.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|