|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 03/00190-13
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 21.02.06 |
Reguleringsplan for
Murigrandane. Ny oppstart og nedlegging
av bygge- og deleforbod
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
27.02.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Kommunestyresak 05/06, møte 16.02.06 |
|
|
2 |
§ 33 i plan- og bygningslova |
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Med bakgrunn i kommunestyret sitt vedtak i sak 05/06 om nye tiltak i området på Murigrandane og behov for utviding av tidlegare kunngjort planområde, vert det i samsvar med § 27-1 i plan- og bygningslova å kunngjere på nytt oppstart av arbeid med reguleringsplan for området frå og med Muribugen og inn til elva avgrensa mot nord av RV 63 og Gate 8 på Muri.
2. I samband med arbeidet med reguleringsplanen har Det faste utvalet for plansaker til hensikt å legge ned bygge- og deleforbod for området med avgrensing etter pkt.1. Dette vert å kunngjere med ein merknadsfrist på 30 dagar.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 27.02.06:
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:
1. ”Muriparken” har vi oppfatta som nedanfor riksvegen mot sjøen, frå Muribugen til elva. Behovet for å legge ned byggje- og deleforbod ovanfor vegen er ikkje begrunna.
2. Vi går mot byggje- og deleforbod på oppsida (nordover) frå riksvegen. Dersom ein set i gong ein slik prosess, fryktar vi at det kan setje fleire arbeidsplassar i fåre.
Prøverøysting:
3 røysta for Brenna sitt forslag
4 røysta i mot
Endeleg avrøysting
med høve til å røyste subsidiært:
3 røysta for Brenna sitt forslag som fall
7 røysta for innstillinga
1. Med bakgrunn i kommunestyret sitt vedtak i sak 05/06 om nye tiltak i området på Murigrandane og behov for utviding av tidlegare kunngjort planområde, vert det i samsvar med § 27-1 i plan- og bygningslova å kunngjere på nytt oppstart av arbeid med reguleringsplan for området frå og med Muribugen og inn til elva avgrensa mot nord av RV 63 og Gate 8 på Muri.
2. I samband med arbeidet med reguleringsplanen har Det faste utvalet for plansaker til hensikt å legge ned bygge- og deleforbod for området med avgrensing etter pkt.1. Dette vert å kunngjere med ein merknadsfrist på 30 dagar.
Arbeidet med reguleringsplan for Murigrandane var teke opp i planutvalet i møte den 14.04.03. Oppstart var kunngjort med avgrensing av området frå Muribugen og inn til elva på sørsida av riksvegen. Det kom 1 innspel i saka, og det var frå Statens vegvesen.
Planutvalet handsama vidare saka den 16.02.04 der ein vurderte ulike element mot kvarandre, og det var fatta vedtak om dette. Etter dette har ikkje planarbeidet vore prioritert.
Det har skjedd ei utvikling etter dette både ved at det har vist seg behov for å utvide planområdet til å omfatte areal nord for riksvegen med bl.a. bowlinghallen, og vidare at kommunestyret no har gjort vedtak om ei samla løysing for området, kalla Muriparken. Det er konkretisert ei rekke tiltak som ein ikkje hadde oversikt over i 2004. Kommunestyret ber planutvalet legge ned bygge- og deleforbod for området og å gjennomføre reguleringsarbeidet.
Med bakgrunn i endra føresetnader både med omsyn til områdeavgrensing og innhald i planområdet vert oppstart av arbeidet å kunngjere på nytt. Det er etter kvart blitt viktigare at det er samsvar mellom opphaveleg kunngjort område og avgrensing for endeleg plan.
Bygge- og deleforbod har heimel i § 33 i plan- og bygningslova, og blir lagt ned i samband med utarbeiding av reguleringsplan for eit område der ein vil unngå at byggetiltak eller frådeling under planperioden skal lage vanskar for planlegging eller gjennomføring av planen.
Kommunestyret har konkret sagt kva for føremål som skal vere innanfor planområdet, og eit bygge- og deleforbod vil gjelde for nye tiltak som måtte kome.
Eit bygge- og deleforbod må gjelde for heile det planområdet. Etter § 33 2.ledd kan det gjerast unntak for bygge- og deletiltak som ikkje vil vanskeleggjere gjennomføring av planen. Dispensasjon kan bli gitt etter § 7 i plan- og bygningslova.
Det er Det faste utvalet for plansaker som har mynde etter lova til å legge ned bygge- og deleforbod, og dette kan ikkje delegerast.
Framgangsmåten er at det først blir fatta eit intensjonsvedtak som så blir kunngjort med 30 dagars frist for uttale. Deretter blir gjort endeleg vedtak i planutvalet. Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen.
Etter kommunestyrevedtaket er det så vidt store endringar av området som krev ei heilskapeleg løysing at det er grunnlag for ei generelt bygge- og deleforbod. Bygge- og deleforbod vil gjelde for 2 år, og det er ein føresetnad at det blir arbeidd aktivt med reguleringsplanen i denne perioden.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|