NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    L12

Saksmappe:          06/00151-2

Sakshandsamar:   Øystein Klempe

Dato:                      21.02.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Søknad om bruk av areal til trialbane i Syltemoa  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

013/06

Det faste utvalet for plansaker

27.02.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

Vedlegg:

1

Søknad frå Norddal Trialklubb, dagsett 17.02.06

2

Søknad til politiet, dagsett 23.09.05

3

Uttale frå politiet, dagsett 13.12.05

4

Søknad frå Norddal Trialklubb, dagsett 28.10.05

5

Avtale med grunneigarane

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

Det faste utvalet for plansaker stiller seg positiv til bruk av omsøkt areal i området Syltemoa – Ødegård til trialkøyring slik det er søkt om.  Ein vil kome attende til nærare avgrensing og reglar fro bruk av området når det ligg føre avgjerd frå fylket etter forurensingslova og uttale etter lov om kulturminne. 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  27.02.06:

Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:

Området ”Syltemoa” er eit tur-/friområde som er mykje brukt. I tillegg går ”Olavsvegen”, som er eit automatisk freda kulturminne, gjennom området.

 

1.                  Det er viktig at kommunen hjelper til å finne ein anna høveleg område enn Syltemoa for trialkøyring.

2.                  Arbeidet med arealplan for området må prioriterast!

3.                  Kommunen ber fylkesstyresmaktene kome på synfaring i området ”Syltemoa”.

4.                  Dersom ein ønskjer å gje løyve til motorferdsel i utmark, må dette skje på vanleg formell måte (etter lova).

5.                  Motorferdselen i Syltemoa som foregår i dag, utan formelt løyve, må opphøyre til eit løyve er gitt.

 

Ordføraren kom med slikt forslag til vedtak:

1.                  Planutvalet viser til den fullmakt som rådmann har når det gjeld godkjenning av enkeltarrangement, og har ingen merknad til at Syltemoa vert nytta til trening og stemne sommaren 2006.

2.                  Planutvalet kan ikkje godkjenne etablering av ei permanent trial-bane i Syltemoa no, men vil vurdere eit slikt føremål i samband med reguleringsarbeidet som er i gong.

3.                  Norddal kommune vil arbeide aktivt for å finne eit eigna område for ei permanent trial-bane som eit alternativ til Syltemoa. Ein tek sikte på ei avklaring i løpet av 2006.

 

Prøverøysting:

1 røysta for innstillinga

3 røysta for Signe Brenna, Nl sitt forslag

3 røysta for ordføraren sitt forslag

 

Endeleg avrøysting med høve til å røyste subsidiært:

1 røysta for innstillinga

3 røysta for Signe Brenna, Nl sitt forslag

4 røysta for ordføraren sitt forslag

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 27.02.06:

1.      Planutvalet viser til den fullmakt som rådmann har når det gjeld godkjenning av enkeltarrangement og har ingen merknad til at Syltemoa vert nytta til trening og stemne sommaren 2006.

2.      Planutvalet kan ikkje godkjenne etablering av ei permanent trial-bane i Syltemoa no, men vil vurdere eit slikt føremål i samband med reguleringsarbeidet som er i gong.

3.      Norddal kommune vil arbeide aktivt for å finne eit eigna område før ei permanent trial-bane som eit alternativ til Syltemoa. Ein tek sikte på ei avklaring i løpet av 2006.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Det ligg føre søknad frå Norddal Trialklubb om bruk av areal til trialbane i Syltemoa.  Den første søknaden er frå 28.10.05 og er to-delt, der det er søkt om:

a.       å nytte arealet til treningsstemne til sommaren og førebuinga til det

b.      å nytte området til permanent treningsområde for trialklubben

Området det blir søkt om går frå bakken opp frå skulen og fram til skytebana på Ødegård.

Det ligg føre ny søknad dagsett 17.02.06 som går på det siste.

Det er søkt politiet, og politiet har kome med ein positiv uttale.

Det ligg føre avtale med grunneigarane.

 

Saksopplysningar:

Eingongstilfelle etter pkt.a er regulert av lov om motorferdsel i utmark der avgjerd er delegert til administrasjonen.  Til dette har vi gitt eit positivt vedtak.

Pkt.b er regulert av forurensingslova og plan- og bygningslova.  Mynde etter forurensingslova er fylket (Fylkesmannen).  Mynde etter plan- og bygnignslova er kommunen anten gjennom reguleringsplan eller dispensasjon.  I dette høvet kjem kulturminnelova inn med fornminna Olavsvegen og gravhaugane.  Dette er automatisk freda kulturminne, og fylket v/kulturavdelinga skal uttale seg.

For at fylket skal kunne ta avgjerd etter forurensingslova vert det kravd ei støyberekning for eit område innanfor ein radius på 1 km.  Dette vert kurant utført av eit firma.  Trial vert vurdert som den minst lydforureinande motorsporten og kringliggande bustadområde (Syltemoa, Murigjerdet) ligg slik til at det neppe blir berørt av støy.  Men berekninga må gjennomførast.

Planstatus for området er uklar.  Det er ikkje vedtatt reguleringsplan for området.  Når det skal lagast, må det omfatte sandtaka, kulturminne og friluftsområde, og det vil vere ein tidkrevjande prosess.  I arealdelen til kommuneplanen er området avsett som eit kvitt felt, dvs som om det skulle ha vore ein vedtatt reguleringsplan for området.  Det er soleis ingen plan som det kan dispenserast frå.  Planutvalet må difor fritt kunne uttale seg om denne aktiviteten er ynskjeleg eller ikkje, men har liten heimel til å styre det, med mindre det blir laga ein reguleringsplan.  I høve til kulturminne vil det bli sett krav til nærleik og bruk i samsvar med lova.

Eit fjerde tilhøve er friluftsliv i området.  Barnehagen har bygd ein lavvo mot sørenden av Syltemoa som blir nytta.  Elles er det generell ferdsle i området der Olavsvegen er ein mykje brukt turveg.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Eksisterande trialbane er på Hol der det er eit midlertidig løyve.  Denne bana stettar ikkje lenger krava til løype.

Området i Syltemoa bør kunne tole denne aktiviteten, og den er for så vidt i gang pga det nemnde stemnet, utan at det er kome reaksjonar på det til no.  Ved eit løyve må det settast krav til korleis løypene skal gå i terrenget og kva det skal takast omsyn til.  Det er alltid vanleg.  Det kan og bli gitt ei tidsbegrensing for t.d. 5 eller 10 år.

I første omgang må støyberekning gjennomførast og planutvalet bør gje ei førebels uttale, og dersom denne er positiv, take atterhald om avgjerd frå fylket etter forurensingslova og kulturminnelova.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann