NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    L82

Saksmappe:          06/00088-76

Sakshandsamar:   Stig Holmstrøm

Dato:                      19.02.2007

 

Møtebok

                                  

 

Vidare arbeid Muriparken - organisering  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

020/07

Formannskapet

26.02.07

016/07

Kommunestyret

08.03.07

 

 

Utsendte saksdokument:

1

Prosjekt Muriparken

2

Vedtak i k-sak 005/06

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Kommunestyret tar orienteringa om Prosjekt Muriparken til vitande.
  2. Kommunestyret gir ordførar og rådmann mandat til gjennom styringsgruppa for prosjektet å bidra til realisering av intensjonane i vedlagte prosjektframstilling , jfr. vedtak som er gjort i k-sak 005/06.
  3. Rapportering i arbeidet skjer til formannskapet gjennom referat frå møta i styringsgruppa.
  4. Finansiering av Norddal kommune sin kostnad i prosjektet vert å kome attende til.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  26.02.2007:

Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag:

1. Saka vert utsett av følgjande grunner:

a.                  Det må klargjerast kva ein forpliktar kommunen til når ein tek ”orienteringa om Prosjekt Muriparken” til vitande. Prosjektrapporten er for lite konkret om korleis han bind kommunen i det vidare arbeidet med Muriparken.

b.                  Det er uklart kva mandat ein gir til ordførar og rådmann.

c.                  Det må klargjerast kva for økonomiske konsekvensar prosjektet får for kommunen, og det må også gå klart fram kva tid økonomiske kostnader for kommunen blir lagde fram til politisk behandling.

 

Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slikt forslag til eit nytt pkt. etter pkt. 2:

Alle avgjersler som får driftsmessige konsekvensar for Norddal kommune, må opp til politisk handsaming.

 

Samt endringsforslag av pkt. 3 i innstillinga:

Rapportering i arbeidet skjer til formannskapet og kommunestyret gjennom referat frå møta i styringsgruppa.

 

Røysting:

Pkt. 1:

6 røysta for innstillinga

1 røysta i mot

 

Pkt. 2:

6 røysta for innstillinga

1 røysta i mot

 

Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag til eit nytt pkt. 3:

1 røysta for forslaget som fall

6 røysta i mot

 

Merete Løvoll Rønneberg sitt endringsforslag av pkt. 3 i innstillinga:

1 røysta for forslaget som fall

6 røysta i mot

 

Pkt. 3:

6 røysta for innstillinga

1 røysta i mot

 

Pkt. 4:

6 røysta for innstillinga

1 røysta i mot

 

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Innstilling i  Formannskapet - 26.02.2007:

1.      Kommunestyret tar orienteringa om Prosjekt Muriparken til vitande.

2.      Kommunestyret gir ordførar og rådmann mandat til gjennom styringsgruppa for prosjektet å bidra til realisering av intensjonane i vedlagte prosjektframstilling , jfr. vedtak som er gjort i k-sak 005/06.

3.      Rapportering i arbeidet skjer til formannskapet gjennom referat frå møta i styringsgruppa.

4.      Finansiering av Norddal kommune sin kostnad i prosjektet vert å kome attende til.

 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  08.03.2007:

Viktor Valdal, Al gjekk frå som ugild – Per Ove Ødegaard gjekk inn i han sin stad.

 

Signe Brenna, Nl kom med slike endringsforslag:

Pkt. 2 skal lyde slik:

Kommunestyret gir ordførar og varaordførar mandat gjennom styringsgruppa for prosjektet til å realisere prosjektet Muriparken i tråd med vedtak som er gjort i k.sak 05/06. Formannskapet utnemner vararepresentant.

 

Pkt. 3:

Rapportering i arbeidet skjer til formannskapet og kommunestyret gjennom referat frå møta i styringsgruppa.

 

Pkt. 4:

Alle avgjersler som får driftsmessige konsekvensar for Norddal kommune, må opp til politisk handsaming.

 

Det vart røysta punktvis:

Pkt.1:

17 røysta for innstillinga

  2 røysta i mot

 

Pkt. 2:

15 røysta for innstillinga

  4 røysta for Signe Brenna sitt forslag som fall

 

Pkt. 3:

Samrøystes i samsvar med Signe Brenna sitt forslag.

 

Pkt. 4:

16 røysta for innstillinga

  3 røysta for Signe Brenna sitt forslag som fall

 

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 08.03.2007:

  1. Kommunestyret tar orienteringa om Prosjekt Muriparken til vitande.
  2. Kommunestyret gir ordførar og rådmann mandat til gjennom styringsgruppa for prosjektet å bidra til realisering av intensjonane i vedlagte prosjektframstilling , jfr. vedtak som er gjort i k-sak 005/06.
  3. Rapportering i arbeidet skjer til formannskapet og kommunestyret gjennom referat frå møta i styringsgruppa.
  4. Finansiering av Norddal kommune sin kostnad i prosjektet vert å kome attende til.

 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Prosjekt Muriparken har tidlegare vore presentert munnleg gjennom orienterande møte 11.09.06 med Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylke. På bakgrunn av denne orienteringa, som vart svært positivt mottatt, er det laga ei samla framstilling for dei ulike elementa i prosjektet, som grunnlag for søknad(er) om finansiell medverknad frå fylket og Innovasjon Norge si side. Framstillinga byggjer på tidlegare saksutgreiingar og drøftingar i prosjektgruppa, og er i hovudsak ført i pennen av direktør ved Muritunet, Espen Remme.

 

Saksopplysningar:

Rådmannen føreset at sjølve grunnlaget for Prosjekt Muriparken er godt kjent gjennom tidlegare utgreiingar/saksframlegg, og viser her difor berre til desse og til vedlegga i saka.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Prosjekt Muriparken er komplisert og samansett av mange element som skal styrast og ”syast saman” både organisatorisk og finansielt. Målsettingane for prosjektet er ambisiøse, og vil, dersom dei vert nådd, ha stor positiv verknad lokalt så vel som regionalt. Det er difor viktig at Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylke er med og støttar opp om prosessane, slik det er gitt signal om at dei vil gjere. Med ei slik organisering av, og mandat for, arbeidet som det no vert lagt opp til, jfr. vedlegg i saka, har rådmannen tru på ei god framdrift og realisering av dei ulike etableringane det her er tale om.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann