|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K50
Saksmappe: 04/00208-48
Sakshandsamar: Stig Holmstrøm Dato: 09.01.2007 |
Mandat for verdsarvstyret
nordområdet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
15.01.07 |
|
|
009/07 |
Kommunestyret |
07.02.07 |
Utsendte saksdokument:
|
Retningsliner/mandat for verdsarvstyret |
Ikkje utsendte
saksdokument:
Handsaming i Formannskapet 15.01.2007:
Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slikt forslag til vedtak:
Framlegg til mandat for verdsarvstyret, dagsett 14.11.06, vert godkjent med eit ekstra strekpkt. under ”Oppgåver”:
- vere pådrivar for ei god og framtidsretta forvaltning av verdsarvområdet, i tråd med forvaltningsplanen og verdsarvkonvensjonen.
Røysting:
2 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag som fall
5 røysta for innstillinga
Framlegg til mandat for verdsarvstyret dagsett 14.11.06 vert godkjent.
Handsaming i Kommunestyret 07.02.2007:
Ordføraren og Merete Løvoll Rønneberg, Sp tok opp spørsmål om dei var ugilde i saka.
Viktor Valdal, Sp vart vald til settevaraordførar under handsaminga av habilitetsspørsmålet.
- dei vart ikkje funne ugilde.
Anett Helen Steinnes, Al fekk permisjon frå resten av møtet – Nils Jarle Hjelme møtte i hennar stad.
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:
Framlegg til mandat for verdsarvstyret, dagsett 14.11.06, vert godkjent med eit ekstra strekpkt. under ”Oppgåver”:
- vere pådrivar for ei god og framtidsretta forvaltning av verdsarvområdet, i tråd med forvaltningsplanen og verdsarvkonvensjonen.
Røysting:
4 røysta for Signe Brenna, Nl sitt forslag som fall
17 røysta for innstillinga
Framlegg til mandat for verdsarvstyret dagsett 14.11.06 vert godkjent.
Verdsarvstyret har laga til framlegg til mandat for arbeidet som dei skal gjere. Dette skal godkjennast av kvar Stranda kommune, Norddal kommune og Møre og Romsdal fylke.
Verdsarvstyret har no kome i gang med arbeidet og har halde 3 styremøte. Det skal ha som hovudoppgåve å bidra til utvikling i verdsarvområdet i tråd med intensjonen for verdsarv.
Verdsarvstyret skal følgje opp vedtak frå Verdsarvrådet som gjeld delområde nord, Geirangerfjorden med omland. Verdsarvstyret skal bidra til naudsynt samarbeid og informasjonsutveksling mellom lokale, regionale og nasjonale aktørar i verdsarvområdet.
Turid Reiten Huse, som representerer Møre og Romsdal fylke i styret, er valt som leiar i Katrin Blomvik er sekretær for styret.
Ein rår til at Norddal kommune godkjenner framlegget til mandat for verdsarvstyret.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|