NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    U63

Saksmappe:          06/00026-6

Sakshandsamar:   Wenke Sylju

Dato:                      17.02.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Skjenkeløyve, Fjordturar  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

012/06

Driftsutvalet

06.03.06

019/06

Kommunestyret

30.03.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Søknad om skjenkeløyve

Alkohollova

Alkoholpolitisk plan for Norddal kommune 2004 - 2008

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Fjordturar på M/B SIWA får løyve til å skjenke alkoholhaldig drikk med inntil 22 volumprosent alkohol.

Søknad om skjenking av alkoholhaldig drikk med meir enn 22 volumprosent alkohol (brennevin) vert å avslå. Avslaget er grunna i bestemmingane i alkoholpolitisk plan pkt. 7.1. (Slike løyve vert berre gitt til hotell/overnattingsstader).

  1. Skjenking skal vere avslutta kl. 01.00.
  2. Når båten ligg til kai skal skjenking ute vere avslutta seinast kl.24.00.
  3. Løyvehavar er Vidar Hareide f. 16.05.56
  4. Styrar er Vidar Hareide f. 16.05.56
  5. Stedfortredar er Kjellrun Hareide f. 02.04.54

 

Skjenkeløyvet vert gitt med atterhald om at det vert gitt løyve til servering etter at Mattilsynet har gitt endeleg godkjenning for verksemda.

 

Før skjenking kan ta til må både styrar og stedfortreder dokumentere sin kjennskap til alkohollova gjennom ei prøve.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  06.03.06:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Innstilling Vedtak i  Driftsutvalet - 06.03.06:

1.         Fjordturar på M/B SIWA får løyve til å skjenke alkoholhaldig drikk med inntil 22 volumprosent alkohol.

Søknad om skjenking av alkoholhaldig drikk med meir enn 22 volumprosent alkohol (brennevin) vert å avslå. Avslaget er grunna i bestemmingane i alkoholpolitisk plan pkt. 7.1. (Slike løyve vert berre gitt til hotell/overnattingsstader).

2.                  Skjenking skal vere avslutta kl. 01.00.

3.                  Når båten ligg til kai skal skjenking ute vere avslutta seinast kl.24.00.

4.                  Løyvehavar er Vidar Hareide f. 16.05.56

5.                  Styrar er Vidar Hareide f. 16.05.56.

6.                  Stedfortredar er Kjellrun Hareide f. 02.04.54

 

Skjenkeløyvet vert gitt med atterhald om at det vert gitt løyve til servering etter at Mattilsynet har gitt endeleg godkjenning for verksemda.

 

Før skjenking kan ta til må både styrar og stedfortreder dokumentere sin kjennskap til alkohollova gjennom ei prøve.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  30.03.06:

Per Arne Løvoll, KrF, sette fram slikt forslag:

Søknad om skjenkeløyve for Fjordturar M/B Siwa vert avslått med slik grunngjeving:

Med bakgrunn i alkoholpolitisk  og rusførebyggande plan punkt 3.1 Mål, og pkt. 4 Førebygging og tiltak, ynskjer ikkje Norddal kommune å utvide skjenkeløyva til også å

gjelde transportnæring.

 

Røysting:

5 røysta for Per Arne Løvoll sitt forslag.

14 røysta for innstillinga.

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 30.03.06:

1.         Fjordturar på M/B SIWA får løyve til å skjenke alkoholhaldig drikk med inntil 22 volumprosent alkohol.

Søknad om skjenking av alkoholhaldig drikk med meir enn 22 volumprosent alkohol (brennevin) vert å avslå. Avslaget er grunna i bestemmingane i alkoholpolitisk plan pkt. 7.1. (Slike løyve vert berre gitt til hotell/overnattingsstader).

2.      Skjenking skal vere avslutta kl. 01.00.

3.      Når båten ligg til kai skal skjenking ute vere avslutta seinast kl.24.00.

4.      Løyvehavar er Vidar Hareide f. 16.05.56

5.      Styrar er Vidar Hareide f. 16.05.56.

6.      Stedfortredar er Kjellrun Hareide f. 02.04.54

 

Skjenkeløyvet vert gitt med atterhald om at det vert gitt løyve til servering etter at Mattilsynet har gitt endeleg godkjenning for verksemda.

 

Før skjenking kan ta til må både styrar og stedfortreder dokumentere sin kjennskap til alkohollova gjennom ei prøve.

 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Vidar Hareide søkjer om skjenkeløyve – Fjordturar med M/B SIWA.

 

Saksopplysningar:

Fjordturar ønskjer å tilby servering av mat og drikke i samband med turar i regionen. Turane går etter kundane sine behov. Båten har plass til 14 personar om bord. (Søknad om serveringsløyve blir handsama i eiga delegert sak).

Det vert søkt om skjenking av alkoholhaldig drikk med lågare enn 22 volumprosent alkohol samt skjenking av alkoholhaldig drikk med meir enn 22 volumprosent alkohol (brennevin).

I og med at båten skal gå turar i regionen vil dette også omfatte kommunane Stranda og Stordal. Søknad om skjenkeløyve er også sendt til desse kommunane.

Når det gjeld tidlegare skjenkeløyve for fartøy på fjorden så har desse vore statlege. Men, statlege skjenkeløyve omfattar berre båtar og skip i rutetrafikk slik at dette vert eit kommunalt løyve.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Jf. vedteke alkoholpolitiske plan er det ikkje sett tak på skjenkeløyve i Norddal kommune.

Når det gjeld skjenking av alkoholhaldig drikk med meir enn 22 volumprosent alkohol (brennevin) vert slike løyve berre gitt til hotell/overnattingsstader jf. pkt. 7.1 i alkoholpolitisk plan.

 

Søknaden har vore hjå lensmannen til uttale og han har ingen merknader. Det er ikkje politimessige grunnar for at løyve bør nektast.

Opplysningar frå skatte – og avgiftsmyndigheitene syner og at det ikkje er noko grunnlag for å nekte løyve.

 

Mattilsynet har godkjent planane for servering om bord i M/B SIWA.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann