|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 031
Saksmappe: 04/00822-20
Sakshandsamar: Elisabeth Mansfield Dato: 15.02.2007 |
Etablering av eit kommunalt
føretak for bygge- og eigedomsmassen til Norddal kommune
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.02.07 |
|
|
013/07 |
Driftsutvalet |
28.02.07 |
|
018/07 |
Kommunestyret |
08.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Vedtekter for Norddal Eigedomsselskap KF (Vedlegg 1)
Vedtaket i K-sak 07/06 (vedlegg 2)
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Kommunestyret vedtar framlegg til ”Vedtekter for Norddal Eigedomsselskap KF”, jfr. vedlegg 1.
2. Kommunestyret vedtar framlegg til overordna politiske mål for eigedomsforvaltninga slik det går fram av saksutgreiinga.
3. Kommunestyret vedtar framlegg til rammer og grensesnitt mellom den kommunalteknisk drifta og føretaket slik det går fram av saksutgreiinga.
4. Kommunestyret gjer vedtak om å utføre ein meir detaljert grensegang mellom føretaket og kommunen sitt ansvar ved å opprette brukaravtalar mellom kommunalteknisk drift, dei byggansvarlege og føretaket.
5. Før endeleg vedtak for overføring av personell vert gjort skal dette vere drøfta med alle tilsette og deira tillitsvalde som vert råka av denne omorganiseringa.
Handsaming i Formannskapet 26.02.2007:
Merete Løvoll Rønneberg, Sp og Svein Linge, Al kom med slikt fellesforslag:
1. Saka vert utsett.
2. Før saka kjem opp til ny handsaming, vil ein be om ei avklaring på kva oppgåver som skal liggje til FDV og KF.
3. Ein ber om at saka vert sendt på høyring til alle verksemdsleiarar, samt tillitsvalde før politisk handsaming.
Ordføraren kom med slikt forslag:
1. Saka vert utsett.
2. Formannskapet gir innstilling til kommunestyret etter at Driftsutvalet har handsama saka.
Det vart først røysta
over utsettingforslaget:
2 røysta for at saka skal utsettast
5 røysta i mot
Endeleg avrøysting:
6 røysta for innstillinga
1 røysta i mot
1. Kommunestyret vedtar framlegg til ”Vedtekter for Norddal Eigedomsselskap KF”, jfr. vedlegg 1.
2. Kommunestyret vedtar framlegg til overordna politiske mål for eigedomsforvaltninga slik det går fram av saksutgreiinga.
3. Kommunestyret vedtar framlegg til rammer og grensesnitt mellom den kommunalteknisk drifta og føretaket slik det går fram av saksutgreiinga.
4. Kommunestyret gjer vedtak om å utføre ein meir detaljert grensegang mellom føretaket og kommunen sitt ansvar ved å opprette brukaravtalar mellom kommunalteknisk drift, dei byggansvarlege og føretaket.
5. Før endeleg vedtak for overføring av personell vert gjort skal dette vere drøfta med alle tilsette og deira tillitsvalde som vert råka av denne omorganiseringa.
1. Kommunestyret vedtar framlegg til ”Vedtekter for Norddal Eigedomsselskap KF”, jfr. vedlegg 1.
2. Kommunestyret vedtar framlegg til overordna politiske mål for eigedomsforvaltninga slik det går fram av saksutgreiinga.
3. Kommunestyret vedtar framlegg til rammer og grensesnitt mellom den kommunalteknisk drifta og føretaket slik det går fram av saksutgreiinga.
4. Kommunestyret gjer vedtak om å utføre ein meir detaljert grensegang mellom føretaket og kommunen sitt ansvar ved å opprette brukaravtalar mellom kommunalteknisk drift, dei byggansvarlege og føretaket.
5. Før endeleg vedtak for overføring av personell vert gjort skal dette vere drøfta med alle tilsette og deira tillitsvalde som vert råka av denne omorganiseringa.
Handsaming i Kommunestyret 08.03.2007:
Svein Linge, Al kom med slikt endringsforslag i vedtektene § 7:
vald for 2 år
Røysting:
13 røysta for Linge sitt forslag
5 røysta i mot
Endeleg avrøysting:
Samrøystes i samsvar med endringa som vart vedtatt i møtet.
1. Kommunestyret vedtar framlegg til ”Vedtekter for Norddal Eigedomsselskap KF”, jfr. vedlegg 1, og med endringa som vart vedtatt i møtet.
2. Kommunestyret vedtar framlegg til overordna politiske mål for eigedomsforvaltninga slik det går fram av saksutgreiinga.
3. Kommunestyret vedtar framlegg til rammer og grensesnitt mellom den kommunalteknisk drifta og føretaket slik det går fram av saksutgreiinga.
4. Kommunestyret gjer vedtak om å utføre ein meir detaljert grensegang mellom føretaket og kommunen sitt ansvar ved å opprette brukaravtalar mellom kommunalteknisk drift, dei byggansvarlege og føretaket.
5. Før endeleg vedtak for overføring av personell vert gjort skal dette vere drøfta med alle tilsette og deira tillitsvalde som vert råka av denne omorganiseringa.
Kommunestyret gjorde 16.11.06 i sak 70/06 vedtak om opprette eit kommunalt føretak som skal byggje, drifte og forvalte heile den kommunale bygningsmassen.
Før realisering av føretaket og tilsetting av dagleg leiar skal kommunestyret vedta overordna politiske mål og rammer for eigedomsforvaltninga, likeeins grensesnittet mellom Teknisk drift-FDV og føretaket.
Ein har ulike modellar å kunne organisere den kommunale bygningsmassen på. Norddal har vedteke å organisere sin bygningsmasse i eit kommunalt føretak der eit styre med ein dagleg leiar får hovudansvaret for bygningsmassen. I eit kommunalt føretak vil ein ha det fortrinnet at budsjett og rekneskap vert halde skilt frå det ordinære budsjett og rekneskap for kommunen. Ved å føre rekneskapet etter rekneskapslova i staden for forskriftene til kommunerekneskapet vil ein kunne bruke rekneskapsprinsipp der kapitalkostnader, vedlikehaldskostnader og avskrivingar kjem klart fram. Dei totale utgiftene vil i neste omgang danne grunnlag for rettast mogleg leigetakstar. Det blir med andre ord lettare å legge opp til ei sjølvfinansierande verksemd der leigetakarane anten er andre kommunale verksemder, privatpersonar eller bedrifter. Ulike utredningar om eigedomsforvaltning slår klart fast at jo større grad av økonomisk sjølvbestemming eigedomsforvaltninga kan få gjennom måten den vert organisert på, desto betre vil det ligge til rette for eit godt vedlikehald. Ulike sentrale rapportar om kommunale bygg nemner mangel på bevillingar som hovudårsak til dårleg vedlikehald.
Hovudmålet med å organisere bygningsmassen i eit føretak bør primært vere å få orden på bygningsmassen og ikkje spare. Orden på bygga kan som bieffekt medføre reduserte kostnader. Vil ein noko med bygga så følgjer ein også opp med ressursar.
Den kommunale bygningsmassen er no kome opp i om lag 31 000 m2 BTA. Om vi skulle bygge alt dette opp i dag ville det ha kome på ein verdi av 450 mill. Ein har i tidlegare rapportar om bygningsmassen poengtert at kommunen sine eigedomar bør synleggjerast som ein del av kommunen sin formue. Det er også tilrådd at dei som har ansvaret for eigedomsforvaltninga bør ha auka fokus på arbeidet med å styrke både administrasjonen og politikarane si forståing av meininga med eit godt førebyggande vedlikehald.
For å unngå at føretaket i ein oppstartsfase skal gå i stå, bør det starte forsiktig for å nå mål som orden, ta vare på verdien bygga representerar, få ei meir profesjonell byggforvaltning inn i organisasjonen og få til ei betre utnytting av bygga og dei ressursane som ein disponerer til drift, vedlikehald og utbygging. Kommunen bør legge inn stor fridom for styret og dagleg leiar til å forme føretaket sin strategi og gjennomføring av dei mål kommunestyret set gjennom sine vedtak.
Arbeidsgruppa vedk. ”Gjennomgang av eigedomsforvaltninga i Norddal kommune” har også sett på aktuelle arbeidsfelt ein meiner er naturleg den kommunaltekniske drifta bør avstå til føretaket. Føretaket sitt ansvarsområde bør omfatte forvaltning, drift og vedlikehald av alle formålsbygga, næringsbygga og dei kommunale utleigebustadane samt Tafjord Friluftsbad. I tillegg til forvaltning, drift og vedlikehald av nemnde bygningsmasse bør føretaket også utøve eigarskap av eigedomsmassen med uteområda som er naturleg å ha i tilknyting til desse bygga. Gartnarfunksjonen som er knytt til dei aktuelle bygga bør av omsyn til felles maskinpark bli verande i den kommunaltekniske drifta. I oppstartsfasen av føretaket anbefaler arbeidsgruppa at den kommunaltekniske drifta står for drift og vedlikehald av Tafjord Friluftsbad eit par sesongar til. Kommunaltekniske anlegg og byggingar som er knytt til vei, vatn, avløp og renovasjon er naturleg vert liggande under kommunalteknisk drift og under vegansvaret og det sjølvfinansierande VAR-området i rekneskapet. Kulturbygga bør ein arbeide med slik at alt vert lagt over på til dømes private stiftingar.
Når føretaket er kome seg godt på beina bør føretaket også ta over ansvaret for kjøp, sal av eigedomar og bygging av nye bygg samt ombyggingar. Kjøp og sal av eigedomar ligg no hovudsakleg til Plan-, bygg- og oppmåling medan bygging av nye bygg og ombygging ligg til den kommunale Byggje- og anleggsnemnda. Dersom føretaket berre skulle drive forvaltning og drift av eigedomane, ville det bli ei statisk ordning som gjerne kunne vore organisert innanfor noverande struktur. Erfaringar frå andre kommunar tilseier at ein bør ha ei slik løysing for å få ei naudsynt spenning mellom kommunen og føretaket. På same tid vil føretaket få spanande utfordringar som på sikt vil byggje opp føretaket sin heilskaplege kompetanse.
Teknisk drift –FDV har totalt 10,5 årsverk. Gjennomsnittleg timeforbruk over dei siste tre åra syner at det er utført fem årsverk på forvaltning, drift og vedlikehald av byggningsmassen (30 000 m2) og Tafjord Friluftsbad. Administrasjon av dette har samal kome på 0,3 årsverk. Ein må også vurdere kva oppgåver vaktmeistertenestene skal ha frametter. I dei seinare åra har vaktmeistertenester i større og større grad utvikla seg frå å vere byggforvaltning og vedlikehald til at vaktmeistrane blir driftsoperatørar som tek i vare driftsmessige funksjonar ved bygga og i større grad bestiller naudsynt vedlikehald eksternt. I den ”gamle” rolla skal vaktmeistrane ikkje ha ansvaret for meir enn ca. 5000 m2 pr. år, medan ein i driftsoperatør- rolla kan ha ansvaret for 10-11.000 m2 pr. år.
Eit
rett og godt reinhald tek vare på levetida til bygget og er derfor ein viktig
og naturleg del av eigedomsforvaltninga. Reinhaldet er i dag er også blitt ein
eigen profesjon. Ei sentralisering av reinhaldet har synt seg å vere både
kompetansegivande og gir meir rasjonell utnyting av reinhaldsutstyret.
Reinhaldet i Norddal kommune fungerer ikkje like godt på alle bygg og einskilde
bygg har heller ikkje tilsett eigne reinhaldarar. Reinhaldarane er no tilsett
ved dei verksemdene bygga sorterer under, men bør overførast til føretaket.
Frå verksemda Valldal trygde- og
sjukeheim (VTS) er det ytra ønskjer om at reinhaldarane ikkje vert overfør til
føretaket. Dei tilsette i avdelinga for reinhald ved VTS rullerer mellom
reinhald og vaskeritenester. I tillegg til reinhald av fellesareal utfører
avdelinga tenestebasert reinhald. Grunna flytting av pasient og dødsfall må ein
ha eit reinhaldspersonale som kan trå til straks. Rulleringa mellom reinhald og
vaskeritenester er positivt for rekrutteringa til desse arbeidsoppgåvene. Ut i
frå argumentasjonen til VTS om eigne reinhaldarar ser ein det som viktig at VTS
får halde fram med å ha sine eigne tilsette reinhaldarar.
Eksisterande
tekniske vaktordning på nordsida av fjorden bør oppretthaldast i den form og
med det mannskapet som er i dag. I vaktordninga går seks tilsette som vekslar
på å vere i vakt ei veke i gongen. På sørsida av fjorden har ein i dag ein
tilsett som er i ei ”friviljug vakt”.
Effektiviteten
i den kommunaltekniske drifta bør på lik line med føretaket evaluerast til kvar
tid.
Meir
detaljert grensegang mellom føretaket og kommunen sitt ansvar må vidare
nedfellast i brukaravtalar mellom
kommunalteknisk drift, dei byggansvarlege og føretaket. Føretaket bør som
utgangspunkt ha ansvar for all fast installasjon i bygga medan brukarane har
ansvar for til dømes inventar.
Arbeidsgruppa
vedk. ”Gjennomgang av eigedomsforvaltninga i Norddal kommune” har gjort
framlegg om vedtekter med overordna politiske mål med fokus på å ta i vare
verdien som bygnings- og eigedomsmassen representerer for kommunen. Vidare skal
føretaket vere eit reiskap for gjennomføring av Norddal kommune sin
bustadpolitikk og sikre at kommunen har hensiktsmessige bygg for all si
tenesteyting.
Ansvarsområdet
til føretaket omhandlar forvaltning, drift og vedlikehald av alle formålsbygga,
næringsbygga og dei kommunale utleigebustadane samt Tafjord Friluftsbad.
Føretaket bør også utøve eigarskap av bygningsmassen med uteområda som naturleg
har tilknyting til desse bygga. Gartnarfunksjonen som er knytt opp til dei
aktuelle bygga bør bli verande i den kommunaltekniske drifta. I oppstartsfasen
av føretaket bør den kommunaltekniske drifta stå for forvaltning, drift og
vedlikehald av Tafjord Friluftsbad til ut 2008. I ein vidare fase bør føretaket
ta over ansvaret for kjøp og sal av eigedomar samt nybygging og ombyggingar.
Kommunaltekniske
anlegg og byggingar som er knytt til vei, vatn, avløp og renovasjon bør halde
fram med å vere kommunalteknisk drift sitt ansvarsområde.
Kulturbygga
vert å sjå på særskilt.
Meir
detaljert grensegang mellom føretaket og kommunen sitt ansvar må vidare
nedfellast i brukaravtalar mellom
kommunalteknisk drift, dei byggansvarlege og føretaket.
Reinhaldet
i Norddal kommune bør sentraliserast ved at alle reinhalderane med unnatak av
dei ved VTS vert overført til føretaket. Vedk. ”vaktmeistertenesta” ser ein det
som rimleg at ein i ein oppstartsfase overfører fire årsverk frå den
kommunaltekniske drifta til føretaket.
Effektiviteten
i den kommunaltekniske drifta bør på lik line med føretaket evaluerast til kvar
tid.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|