|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: N06
Saksmappe: 05/00292-8
Sakshandsamar: Kjell Rønning Dato: 14.02.2006 |
Skuleskyss - kommunalt
ansvarsområde
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
06.03.06 |
Utsendte saksdokument:
Klage på skuleskyssordninga i Norddal kommune.
Ikkje utsendte
saksdokument:
Lov om grunnskulen
Det blir innført gratis skuleskyss på grunn av særleg farleg skuleveg for elevar med 2,5-4,0 km veg på desse strekningane: Veiberg-Eidsdal skule, Linge-Valldal skule, Ødegård-Valldal skule. Endringa blir gjort gjeldande frå 01.01.2006.
Følgjande ordningar blir vidareførte:
Elevar frå Lingås som har over 3,8 km lang skuleveg har gratis skyss. Elevar med 2,9-3,8 km lang skuleveg har gratis skyss i perioden 15.11-31.03 då bakkane ofte kan vere isete.
For strekninga Vika – Valldal skule er det gratis skyss pga. passering gjennom tunnel.

Opplæringslova regulerer skuleskyssen slik at fylkeskommunen og primærkommunen har eit delt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar når skulevegen er over 2 km for elevar i 1. klasse og over 4 km for eldre elevar.
Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda. Dersom veglengda er kortare enn det som gjeld for fylkeskommunen sitt ansvarsområde, fell dette ansvaret på kommunen.
Gjeldande skyssordning byggjer på K/sak 42/82, K/sak 47/84 og DU/sak 40/00 og er som følgjer :
Elevar frå Lingås som har over 3,8 km lang skuleveg har gratis skyss. Elevar med 2,9-3,8 km lang skuleveg har gratis skyss i perioden 15.11-31.03 då bakkane ofte kan vere isete.
For strekninga Vika – Valldal skule er det gratis skyss pga. passering gjennom tunnel.
Elevar med 2,5-4,0 km veg på strekningane
Veiberg-Eidsdal skule
Linge-Valldal skule
Ødegård-Valldal skule
har tilbod om ei kommunalt subsidiert skyss-ordning med 40 % foreldrebetaling.
Strekningane Veiberg – Eidsdal skule, Linge – Valldal skule og Ødegård – Valldal skule har dette til felles:
Det er riksveg der delar eller heile strekninga
Har 80 km fartsgrense.
Ikkje har gangveg.
Har til dels stor gjennomgangstrafikk, særleg i mai-september. Denne har auka vesentleg sidan 80-talet då ordninga med delvis gratis skyss vart innført.
Dette gjer at strekningane må sjåast på som særleg farlege å ferdast på.
Ei ordning med delvis foreldrebetaling er dessutan uvanleg og kan knappast forsvarast lenger i høve til opplæringslova.
Norddal kommune har eit særleg ansvar der skulevegen lokalt vert vurdert som særleg vanskeleg eller farleg. Dette gjeld etter mi vurdering også strekningane Veiberg-Eidsdal skule, Linge-Valldal skule, Ødegård-Valldal skule. Her bør det innførast gratis skyss i samsvar med opplæringslova.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|