NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    N11

Saksmappe:          05/00927-2

Sakshandsamar:   Per Grimstad

Dato:                      09.01.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Norddal Kommune sin uttale om konsesjon på personbefordring med båt i Indre Storfjord  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

002/06

Formannskapet

24.01.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Brev frå MR fylke datert 22.12.2005

Søknad om rutekonsesjon frå 62 Nord datert 22.12.2005

Søknad om rutekonsesjon frå Cruiseservice datert 20.12.2005

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal Kommune ynskjer tilbodet om rutegåande skyssbåt velkomen, og ser denne personbefordring som supplerande med den eksisterande turistferga som Fjord 1driv.

1.      Regulering av tilbodet gjennom konsesjon bør nyttast, for å tilpasse tilbodet med etterspørsel.

2.      62 Nord har teke initiativ til eit samarbeid med landbaserte næring og vil utvikle eit samansett tilbod til turistane, Norddal Kommune innstiller på at dette selskap får konsesjon.  

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  24.01.06:

Ordføraren kom med slikt forslag til vedtak:

 

1.         Norddal Kommune ynskjer tilbodet om rutegåande skyssbåt velkomen, og ser denne personbefordring som supplerande med den eksisterande turistferga som Fjord 1 driv.

 

2.         Norddal kommune meiner det er plass til berre ein skyssbåt på tilnærma same ruta, men finn at begge søkjarane i dette tilfellet tilfredsstiller lokale ønskje og behov. Norddal kommune rår til at det vert gitt konsesjon til den av søkjarane som kan dokumentere det mest robuste tilbodet med omsyn til kontinuitet/varigheit og til å involvere landsida i produktutvikling som skaper arbeidsplassar.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 24.01.06:

1.         Norddal Kommune ynskjer tilbodet om rutegåande skyssbåt velkomen, og ser denne personbefordring som supplerande med den eksisterande turistferga som Fjord 1 driv.

 

2.         Norddal kommune meiner det er plass til berre ein skyssbåt på tilnærma same ruta, men finn at begge søkjarane i dette tilfellet tilfredsstiller lokale ønskje og behov. Norddal kommune rår til at det vert gitt konsesjon til den av søkjarane som kan dokumentere det mest robuste tilbodet med omsyn til kontinuitet/varigheit og til å involvere landsida i produktutvikling som skaper arbeidsplassar.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Brevet frå MR Fylke 22.12.05, mulegheit for fråsegn til søknadane

 

Saksopplysningar:

Fjord 1 har sidan 2003 prøvd ut eit tilbod om turistferge mellom Valldal og Geiranger.

Norddal Kommune har løyvd midlar til aktivitetar som skal auke mengda reisande.

 

Vidar Hareide har under bygging båt som er utstyrt for både fiskeri og transport av reisande. Med denne vil han tilby båttransport på fjorden som er ”skreddersydd”. Næringsfondstyret har behandla søknad om støtte til investeringar til personbefordringa, og for 2006 gitt kr 200 000,-

 

Saksvurdering og konklusjon:

Verdsarvstatusen til Vestnorsk fjordlandskap vil gje større merksemd på vårt distrikt. Norddalsfjorden har kvalitetar som no er dokumenterte, og ein kan rekne med auka aktivitet frå regionale, nasjonale og internasjonale reisande.

 

Nærings og reiselivet i kommunen er opptatt av aktivitet på fjorden, av denne grunn har det vore stort engasjement frå enkeltpersonar og næringsdrivande for å få til eit fergetilbod mellom Valldal og Geiranger. Fordelen til turistferga er at den har konsesjon på både person og bilbefordring. Utvikling og opparbeiding av eit nytt tilbod tek tid, og Fjord 1 har vist tolmod med å oppretthalde ruta til tross for negative resultat i prøvedrifta.

 

Skyssbåten som Vidar Hareide no har under bygging vil tilby ein fleksibelt ordning. Med relativt liten kapasitet vil hans marknad vere smågrupper som skal transporterast til og frå spesielle reisemål, utan at det vert lagt opp til faste ruter.

 

Dei to søkjarane 62 Nord og CruiseService ynskjer å legge opp til faste ruter innom dei fleste bygdene ved fjorden i Norddal Kommune. Dette gjev mulegheit for at reisande vert verande fleire dagar i distriktet. 62 Nord ynskjer eit tett samarbeid med lokale aktørar, som kan synleggjere tilboda i dei forskjellige bygdene. Dette skal samordnast slik at det som vert marknadsført utfyller og styrkjer kvarandre.

 

Auka aktivitet på fjorden har vore etterlyst frå fleire hald. Norddal Kommune vil så langt rå er legge til rette for aktørar som vil drive næring, og ynskjer velkome eit breidare tilbod om personbefordring på Norddalsfjorden. For å sikre driftsgrunnlaget for dei som skal drive personbefordring med ferje og båt, vil kommunen innstille på at ein regulerer tilbodet gjennom konsesjonsrunden.

 

Norddal Kommune ynskjer tilbodet om rutegåande skyssbåt velkomen, og ser personbefordring som supplerande med den eksisterande turistferga som Fjord 1driv. Regulering av tilbodet gjennom konsesjon bør nyttast, for å avpasse tilbodet mot etterspørselen. 62 Nord har teke initiativ til eit samarbeid med landbaserte næring og vil utvikle eit samansett tilbod til turistane, Norddal Kommune innstiller på at dette selskap får konsesjon.  

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann