|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 489
Saksmappe: 06/00015-1
Sakshandsamar: Stig Holmstrøm Dato: 09.01.2006 |
Leiar- og resultatavtale
rådmann
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
06.02.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Forslag til leiar- og resultatavtale |
|
Ikkje utsendte
saksdokument:
Arbeidsavtale for rådmannen.
Handsaming i Formannskapet 06.02.06:
Ordføraren kom med forslag om at 2. strekpunkt i resultatavtalen skal lyde slik:
- Måla skal vere
basert på kvalitet og/eller kvantitet og tid
Signe Brenna kom med forslag om at det i pkt. 4 i resultatavtalen stå ….event. realisering… osv..
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga og ordføraren og Brenna sine endringsforslag.
1. Formannskapet vedtar framlagt forslag til leiar- og resultatavtale for rådmannen med dei endringsforslaga som vart vedtatt i møtet.
Gjennom tilsettingsprosessen for ny rådmann og i diskusjon med formannskapet, har det vore eit ønske frå begge partar om at det vart inngått ein leiar- og resultatavtale for rådmannen, der ein klårgjorde forventingar på kortare og lengre sikt.
Utkast til leiaravtale og mal for resultatavtale har tidlegare vore diskutert med formannskapet, og det er på bakgrunn av denne diskusjonen innarbeidd synspunkt som er kome fram, særleg gjeld dette resultatavtalen. Rådmannen er sjølvsagt open for at andre punkt/moment kan takast inn i avtalen, men meiner det framlagte forslaget i hovudsak vil dekkje det eg har forstått har voreomforente krav/ønske i høve stillinga.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|