|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K46
Saksmappe: 07/00109-2
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 09.02.07 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
15.02.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad frå Valldal Bærdyrkarlag og Valldal bondelag datert 24.01.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Søknad frå Valldal Bærdyrkarlag og Valldal Bondelag datert 24.01.2007.
SAKSOPPLYSNING.
I heile Norddal kommune er minstearealet for hjort 1000 dekar, dette er fastsett i forskrift frå 02.04.2002.
Kommunen hadde i 2006 eit teljande areal på 342042 dekar.
Utifrå forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever har kommunen mynde til å fastsetje nytt minsteareal. Det kan gjelde heile eller deler av kommunen og skal skje gjennom forskrift, då må Forvaltningslova sine reglar for slik følgjast.
Vidare har kommunen mynde etter forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever sin § 6 å regulere minstearealet opp eller ned med inntil 50 %.
Ved ei tenkt skjematisk tildeling etter det teljande arealet vil ein få 342 fellingsløyve.
Dersom ein skriv maksimalt ned og opp vert tala slik:
500 da./dyr 684 løyve - 1500 da./dyr 228 løyve. Det er ytterpunkta ved maks ned og oppskriving, med grunnlag minsteareal 1000 dekar.
I kommunen vart det i 2006 gjeve løyve til felling av 410 dyr 233 av desse vart felt. Ein fekk ein rest på 177 dyr. For Valldal var tala slik: 163 løyve, 89 vart felt rest på 74 dyr.
Om ein tenkte seg minstearealet sett ned til 500 dekar ville ein ved tildeling etter dette kome opp i 684 løyver
Dersom ein skriv maksimalt ned og opp vert tala slik:
250da./dyr 1368 løyve - 750da./dyr 456 løyve. Det er ytterpunkta ved maks ned og oppskriving, med grunnlag minsteareal 500 dekar
Kommunen har siste to åra aktivt brukt nemnde § 6 ved å skrive ned minstearealet med 25 % til ein del vald.
Utifrå forskrift frå 11.februar 2002 om jakt og fangsttider og sanking av egg og dun sin § 3 har kommunen hatt mynde til å forlenge jakttida for hjort med inntil 14 dagar.
Frå og med neste jaktår vert det arbeidt ut ny slik forskrift kva mynde kommunen her vil få er enno ikkje kjent.
Jakttida vart både i 2005 og 2006 forlenga.
SAKSVURDERING.
I søknaden sitt første avsnitt vert det vist til hjortebestanden i midtbygda i Valldal som har auka sterkt siste åra.. Utifrå dei meldingar om skadebeiting og søknadar om skadedyrfelling, er det nettopp i midtre del av Valldal kommunen vurderar skadane valda av hjort som størst.
Ved mange synfaringar siste åra har ein med sjølvsyn sett dei skadane hjorten gjer i jordbærfelta, det er difor ikkje vanskeleg å skjøne at eigarane av felta vert fortvilt. Og det er nettopp utifrå dette at kommunen har skrive ned minstearealet siste åra. Når det derimot gjeld skade på rundballar kan ikkje kommunen vektleggje dette. Lagring av rundballar må vere relativt enkelt å sikre ved gjerding.
Det er i søknaden nemnt ein del om at ein vil få ei sunnare hjortestamme ved større avskyting.
Dette vil ein nokså klart avvise, det er neppe grunn til å tru at hjortestamma i dag er usunn. Om det vart tilfelle ville gjennomsnittvektene vere monaleg lavare enn dei er i kommunen.
Ein ville heller ikkje hatt den vekst i stamma som det vert vist til.
Kommunen kan heller ikkje sjå at det vert tildelt for få fellingsløyve, som vist til vart det i Valldal løyvet 74 dyr i 2006. Det ein etterlyser er meir samarbeid mellom dei einskilde vald, det er nemnt bestandsplan som klart er det beste. Kommunen vil og peike på samanslåing av vald som og vil gje positiv resultat for felling.
Det er likevel godt mogeleg at kommunen burde brukt tildeling etter forskrifta sin § 6 meir aktivt både i ned og oppskriving, og i samband med det gradert minstearealet i fleire nivå, dette vert årleg vurdert i mai månad.
Ein vurderer elles gjeldande minsteareal på 1000 dekar som eit greitt utgangspunkt der ein vil ha eit spelerom mellom 228 og 684 løyve. Og ser i dag ingen grunn til å endre forskrift om minsteareal i kommunen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|